Kampen mot sporane går over mange rundar, der første runde startar ute på markane no på våren og siste runde blir avslutta når spenekoppane blir sett dei reine spenane. Den første runden no, handlar om å gjere grep for å unngå innblanding av mold og husdyrgjødselrestar i avlinga vi skal hauste om utover sommaren.

Mange opplevde eit fjorår der ein måtte køyre ut på blaute engareal, ofte med djupe køyrespor som resultat. På myrjorda kunne dette bli ei berg- og dalbane bortover enga. No er det tida for å få sletta til at hjulspora frå i fjor. Og dette er ein viktig jobb å få gjort no, medan jorda enno er så fuktig at den kan formast.

Hjulspor

Har du køyreskadar etter fjoråret er tilrådinga: Leit fram trommelen og traktoren med best hjulutrustning (breie lavprofildekk, eller doblehjul, eller lettaste traktoren) og ta runden over dei områda treng å bli sletta til att. Ofte kan det og vere greitt om ein har køyrd utover litt frø i forkant av tromlinga.