FKRA auka prisen på gjødsel med 300-350 kr pr tonn (6-7 %) i oktober. Det er før vi veit kva påslag som vil kome etter nyttår. Fiskå Mølle varsler og liknande prisoppgang. Bakgrunnen for prishopp nå er at gjødselprisane har auka månad for månad ut over sommaren og hausten, mykje pga høge energi og gassprisar i Europa.
Det er god lønsemd i å kjøpe gjødsla nå også om du bruker av driftskreditten til å betale – sjølv om du ikkje får inn att pengane før tilskott blir utbetalt i slutten av februar. Rente på driftskreditt er for tida td. 2,95 % hjå Landkreditt og 3,25 % hjå Sparebanken Sør.
Døme:
Du treng 25 tonn NPK eller NK – gjødsel, gjennomsnittspris før 4. oktober er 5,00 kr / kg. Pris etter 4. oktober 5,30 kr/ kg.
Kostnad før 4. oktober er 125.000 kr.
Kostnad etter 4. oktober er 132.500 kr.
Rente på 3% ved bruk av driftskreditt gjev rentekostnad på under 2000 kr fram til slutten av februar. På denne mengda kan du dermed spare vel 5000 kr.
I tillegg vert mva refundert eitt år før dersom du har årleg termin for mva.
Du må kunne lagre gjødsla på slik måte at det ikkje kjem fukt til. Om ein storsekk ikkje kan spreiast er mykje av gevinsten tapt med den mengda vi har i dømet!
Sjekk pris:
Prisane varierer mellom leverandørane og vi tilrår at du sjekker pris før du bestiller.
Prisane framover:
Vi veit ikkje prisen på gjødsel våren 2022, til vanleg er den 70-90 kr pr tonn dyrare enn om hausten. Det kan betre lønnsemda til kjøp i haust enno meir enn reknestykket over syner.
Det er vanskeleg å spå om prisane framover – det er lov å håpe på at prisane på gjødsel går ned, men for tida er det lite som taler for det!
Tips til deg som bestiller nå
- Erstatt Opti NS med rimlegare gjødselslag som f.eks. CAN gjødsel etter 1. slått. På våren bør ein i våre strok bruke svovelhaldig mineralgjødsel, men utover sesongen vil det normalt være tilstrekkelig mineralisering av svovel fra husdyrgjødsla.
- Om muleg, vurdere å bruke alternative gjødselslag som er billegare enn Yara sine slag, eksempelvis NPK 22-3-10 fra Uralchem eller 27-0-0 4S fra Achema.
- Tenke gjennom om husdyrgjødsla kan brukast meir effektivt på garden for å redusere mineralgjødselkostnaden, evt. om ein kan få tak i rimlegare organiske gjødselvarar.
- Om gjødsling skal reduserast bør dette skje på dei dårlegaste arealene, og eventuelt også dei som ein har størst transportkostnad på.
- Om ein skal redusere gjødsling, bør ein være forsiktig med å gjere dette på våren, då ein ved gjødslingstidspunktet ikkje kjenner til korleis fôrtilgangen blir.
- Ein bør sette seg inn i prisar og evt. aktuelle kampanjer.
Om nokon har spørsmål så ta kontakt med ein rådgivar hos oss.