Haustemaskin for eple

15.03.2019 (Oppdatert: 15.03.2019) Gaute Myren

For tre år sidan fekk fruktdyrkaren Jarl Olav Rugtveit ein ide om å rasjonalisere innhaustinga av eple. Ei haustemaskin vart handla inn frå Italia. På Frukt og bærseminaret 2019 fortale han om sine oppturar og baksider ved å bruke ei maskin i innhaustinga.

Fra http://frumacoeurope.eu/ Italiensk haustemaskin for eple.

God ide

For tre år sidan fekk fruktdyrkaren Jarl Olav Rugtveit ein ide om å rasjonalisere innhaustinga av eple. Ei haustemaskin vart handla inn. I ettertid har kanskje ikkje alt blitt så rasjonelt som håpa, men enkelte har nok blitt inspirert og Fimex i Telemark har levert si andre maskin frå den italienske produsenten Frumaco denne sesongen. Maskina bør leverast med automatisk nivellering for å kunne takle norske felt. Den vil automatisk rette seg opp slik at kassa alltid er i lodd og eplene ikkje blir forflytta unødvendig i haustekassa. Tidlegare har det vore utfordringar med støttflekkar i kassefyllinga. Det er no laga til med mindre trykk på kassefyllaren. Kassefyllaren fungerer ved at eplene kjem inn til felles band på midten av maskina. Eplene går så i en elevator av plastikk ned i kassa. Elevatoren forflyttar seg oppover i kassa ettersom den blir fylt og etter ein del utbedringar har den håndtert eplene  skånsomt.

Pris som en Tesla

Prisen på maskina er 750.000 kr med dagens eurokurs. Den er då inkludert plukkeagregat og kassetilhenger. Det trengst 6 personar til å betjene den, der ein av dei er «kaptein» som styrer framdrift. Maskina har ultrasensor som plasserar maskina i midten av rada, slik at det er berre i gangsetting ein må gjere manuelt. Går det for fort må kapteinen justere farta. Normalt ligg den på  200-300 meter i timen ved hausting, seier representanten frå fabrikken i Italia.  

Anna arbeid

Maskina kan også brukast til anna arbeid. Det tar ca 20 minutt å ta av haustemaskina. Det er tre boltar, litt elektriske leidningar og tre hydraulikkslangar som må løysast frå. Haustedelen bør plasserast på haustevogna eller oppå pallar. Det er viktig å merke av kor maskina stod på grunnmaskina, slik at det lett å få den på igjen. På monteringa er litt meir omstendeleg, men skal ikkje ta særleg lang tid.

Manuell haustekostnad 1,8 kr/kg

Kostnaden for å ha maskina er i drift er innkjøpspris, driftsutgifter og arbeidsvederlag til personell. Rugtveit har hatt maskina i bruk i tre sesongar i Telemark. Han meiner at avlingene bør være 70-100 tonn pr år skal en kunne forsvare investeringa. Haustekostnaden variere med felt, avlingsnivå og kor mange gangar ein må hauste felta. Gjennom åra har kostnaden pr kg frukt variert mellom 1,3 til 2,3 kr/daa. Den store utfordringa har vore kvalitet og trykkskader, men ved trening av personell og justering av maskin har dette blir akseptabelt etter tre år. Manuell innhausting låg tidlegare på 1,8 kr/kg.

Frukt og bærseminar 2019

Maskina var utstilt på Frukt -og bærseminaret 12.mars på Gardermoen. Gaute Myren i NLR Viken holdt styr på foredragene som hadde foredrag kring insekt, pollineringssortar til nye skadedyr. Inspirasjon og samanlikning med nabolandet Finland var ei vekker for mange, seier Myren. Barskt klima og kort vekstsesong kjenner vi igjen. Spesielt salgstiden på epler fram til mars hos finnene er noko me må lære her i Norge. Foredragene er tilgjengeleg på Appen til deltakerne. 

Maskin frå Italia. 

 

Blir levert med 4WD og nivilering etter terrenget.

 

Går greitt i snø med kjetting, ihvertfall til 40 cm.

 

Krever et samarbeidande team på 6 personar ved innhausting.

 

 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.