Dyrking av jordbær og bringebær i substrat

06.03.2017 (Oppdatert: 06.03.2017) ,  Ingvill Hauso | Nyhet

Dyrking under tak og i torv eller kokus er ønska av omsetnaden for å utvide sesongen og å gjere bærleveringa meir forutsigbar.

Den 1. mars vart det arrangert kurs i substratdyrking av jordbær og bringebær ved Foss gard i Lier. Kurshaldar var Nauja Lisa Jensen frå Gartnerirådgivningen i Danmark. Hovudemna som vart tatt opp var vatning, vasskvalitet, gjødsling og val av substrat. I tillegg vart problemstillingar knytt til ulike typar plantematerial og dyrkingssystem drøfta. Alle deltakarane fekk dessutan prøve seg på "flower mapping" – ein metode for å vurdera blomsterpotensialet i ei plante. Kurset vil verta følgd opp av ei markvandring i juni.