I år vert det sett opp eit eige plantevernmøte for økologisk frukt (i tillegg til serien av andre plantevernmøter organisert for medlemar av dei ulike regionale NLR-einingane). Møtet føregår på Teams. Anslått varigheit er 1 t. Fokuset vil vere på eple- og plommeproduksjon.

Deltaking på møtet er gratis for medlemar i NLR. Ordinær pris er 250 kr.

(Interessert i medlemskap? Les meir her, eller ta kontakt med rådgjevar.)

Påmelding krevjest. Lenke til møtet vil sendast ut same dag som møtet, 29.03. Vel møtt!