Vinterdekking av jordbær

26.10.2017 (Oppdatert: 26.10.2017) ,  Ingvill Hauso

For mange er no tida inne for å førebu jordbærfelta til vinteren. Jordbærplanta er utsett for vinterskade og allereie ved -4-5°C kan det oppstå skadar som går ut over avlinga neste sesong. Eit tjukt og stabilt snødekke er den beste forsikringa mot vinterskade, men leveringa mildt sagt usikker. Då må andre typar dekkematerial takast i bruk.

Foto: Stanslav Strabac. Fiberduk er mest brukt som vinterdekke

Jordbærplanta har ei svak vinterkvile 

Når dagane vert kortare og temperaturane lågare startar planta å førebu seg på vinter. Denne prosessen fram til planta er herda og i kvile vert kalla akklimatisering. Når planta har akklimatisert har ho oppnådd ei viss herdigheit mot låge temperaturar. Når jordbærplanta er i kvile kan dei herdigaste sortane tåla temperaturar ned mot -46°C. Derimot vil planter som endå ikkje er akklimatisert ta skade alt ved -3°C i rotstokken 

Jordbær har ei svak vinterkvile. Dette betyr det at planta ikkje vil veksa som normalt om ho får gode vekstforhold før den fysiologiske kvila er brote. Plantene vil i staden verta kompakte og små. Sidan planta likevel på alle tidspunk kan starta veksten er det ikkje ei fullstendig kvile. Gjennom vinteren vert kvila brote, og når planta igjen får gunstige vekstvilkår vil ho starta normal vekst. Denne fysiologiske kvila vert brote relativt tideleg på vinteren og planta blir deretter i ein dvaletilstand så lenge vekstforholda er ugunstige. I denne perioden er planta særleg utsett for frostskadar etter periodar med mildare temperaturar.  

På den andre sida er jordbærplanta ei låg plante og kan mange stader vera dekka av snø store delar av vinteren, noko som gjer eit godt vern mot vinterskade. Eit snødekke på 15-20cm er sagt å kunne gje ei godt vern mot frostskadar i temperaturar ned mot -30°C. Dei største skadande vil altså oppstå ved barfrost. 

Vinterskade 

Vinterskade oppstår når vatn frys til is inne i cellene i krona. Skaden kan oppstå i varierande grad og er ikkje alltid like enkel å oppdage. Dersom leidningsvevet ikkje er skada kan planta leve vidare neste sesong. Prestasjonen til planta vil likevel vere dårlegare. For å undersøke om ei plante har vinterskade er det vanleg å snitte krona på langs. Svak brunfarging nedst i krona kan indikere ein liten frostskade, medan kraftigare skade ofte vil føre til ei heilt brunfarga krone (Bilete 1). 

Kor mykje vinterskade ein får er avhengig av mange faktorar. Til dømes påverkar både herding, temperatur, varigheit på kalde periodar og fukt i jord og planter kor store skadane kan bli. Dessutan er det store sortsskilnadar. Florence, Rumba og Honeoye er til dømes rekna som utsett for frostskadar og bør som regel alltid dekkast 

 Snitt av krona

Bilete 1. Snitt krona på langs for å undersøka om planta har vinterskade. Brunfarging av margen er eit teikn på at slik skade har oppstått. Foto: Stanislav Strbac  

Kva skal me dekka med? 

Når ein skal dekka felta før vinteren står valet ofte mellom halm og/eller duk av ulike kvalitetar.  

Halming av jordbærplantene fører både til betre vinteroverleving og mindre problem med ugras påfølgjande år. I tillegg har det fordelar med reinare felt og lågare risiko for sjukdomar. Dekking med halm er derimot tidkrevjande. Det har vorte sagt at det besta er kveitehalm sidan den ikkje fell så lett saman, noko som kan føre til tap av isoleringsevna. Det er usikkert kva effekt ein vil sjå av dette i praksis og truleg vil bruk av havre, rug og bygg vere like bra. Dekking med halm vil derimot forsinke haustetidspunktet neste sesong på grunn av seinare temperaturauke i jorda. 

Det finst fleire ulike kvalitetar av duk til dekking, men oftast snakkar me om anten fiberduk eller vevd duk. Fiberdukar er lette og mjuke og kan leggast direkte plantene. Dei er ikkje luft- og vasstette. Vatn frå nedbør eller spreiarvatning kan trengje gjennom og det same kan fordamping frå plantene. Ein vil dermed unngå dammar oppå duken og kondens på undersida. Kor solid ein fiberduk er vert målt i g/m2, der 15-30g/m2 er vanlege kvalitetar å få tak i. Dei tynnaste er lett å arbeida med, men toler samtidig mindre handtering. Til vinterdekking er det ein fordel å bruke ein av dei kraftigaste dukane, då lysgjennomtrenging er mindre viktig enn om våren.   

Vevde dukar er meir solide enn fiberdukane, og nokre er sterke nok til å tåla trakk av hjortedyr (t.d. Agrocover). I tillegg ligg dei rolegare i vind. Derimot er dei dyrare i innkjøp enn fiberduken og tyngre å arbeida med.  

 Dobbeldekking av jordbærplanter

Bilete 2 For godt vern mot vinteren kan ein bruka både fiberduk og vevd duk. Når ein legg den vevde duken over fiberduken vert fiberduken betre beskytta mot både dyretråkk og vind. Foto: Stanislav Strbac 

 

Tidspunkt for dekking 

Tidspunktet for dekking av felta er svært viktig. For tideleg dekking på hausten kan i verste fall føra til meir vinterskadar. Under duken mister planta tilgang på lys, samtidig med at temperaturen vert halde høg. Dette kan føra til at planta ikkje er i kvile før frosten kjem. I tillegg vil plantene bruka opp sukkerreservane sine når dei står varmt og mørkt, og dermed vera svakare til våren.  

I nokre område vert det tilrådd å dekka etter ein periode med temperaturar under 4-5°C over fleire dagar. I Noreg kan dette ofte skje alt i Oktober. Hos oss vert det difor anbefalt å ta utgangspunkt i jordtemperatur framfor lufttemperatur. Generelt er ein jordtemperatur på rundt 4.5°C eit godt tidspunkt for å starta dekkinga. På austlandet (Lier, Buskerud) skjer dette ofte i første halvdel av november. I andre område kan ein ha som hovudregel dekka etter det har vore 4-5 frostnetter. NIBIO sin Landbruksmeteorologisk teneste er til god hjelp for å følgje med på både jord- og lufttemperatur (http://lmt.bioforsk.no/).   

Jordbærplanter har bruk for lys heilt fram til dei har gått i vinterkvile og må difor ikkje dekkast før dette. Dekkinga med halm bør helst gjerast før jorda frys og seinast ved begynnande frost (og før det kjem snø). Om ein dekker heile planta med halm før vinteren ein passe på rake halmen vekk frå plantene til våren.  

 Driving av jordbærplanter med fiberduk

Bilete 3. Om ein let fiberduken ligga på feltet fram mot bløming vil ein få ei raskare utvikling og tidelegare haustestart. Foto: Stanislav Strbac 

Trass i at forsøksresultat har vore varierande og avhengig av varigheita av snødekke, ser det ut til at det er flest fordelar ved dekking eit par veker før plantene normalt stoppar utviklinga på hausten. Tilsvarande ser det ut til at ein får best effekt ved å fjerna dekket om lag ei veke etter veksten startar om våren. Dersom ein vil driva plantene kan ein la ein lett fiberduk ligga på fram mot bløming (Bilete 3).