Vekstregulering eple

14.12.2018 (Oppdatert: 16.08.2019) Gaute Myren

Vekstregulering kan nyttast når den vegetative veksten er for stor. Det er mogleg å nytta fysiske tiltak i form av rotkapping eller rotskjæring. Andre tiltak er kjemiske middel som blir sprøyta på greinene.

Regalis er brukt på greina til høgre, ca halv lengde som dei ubehandla greinene

Rotskjæring

Rotskjering er mykje brukt for å regulere tilveksten og skottveksten i eple. Det blir nytta kniv, på ei eller to sider, som kapper røtene. Trea vil då få kortare skottlengde og kan gå over i generativ fase.

Rotskjering er eit nødtiltak når tilveksten er ute av balanse. Det er ynskjeleg å stimulera blomeknoppdanning og fruktsetjing. Det kan sjå ut til at trea med normal avling i 2016 har laga fleire blomsteranlegg ved skjæring i juli. Det er viktig å ha tilgang på vatning etter rotskjering, særleg ved skjering to gonger pr sesong. Vanlegvis er rotskjering ein gong pr år tilfredstillande, men det må vurderast årleg utfrå vitaliteten til trea. Den beste måten til å regulera tilveksten på er å ha god avling.

 

Kjemisk vekstregulering

Regalis er eit nytt kjemisk vekstregulerande middel som vart tilgjengeleg på den norske marknaden frå 2017. Middelet skal sprøytast ut tidleg i sesongen, rett etter blomsting. Regalis vil hemme gibberellin produksjonen i treet og årsskota blir kortare.

Ifylgje etiketten er maksdose pr daa 250 g/daa rett etter blomstring. Ved to behandlingar er maksdosen 150 g/daa kvar gong med 3-5 vekers intervall. Erfaring frå norske forsøk viser at ei sprøyting like etter bløming med ei dose på 60 til 120 g/daa gjev god verknad i eple. Høgast dose til dei trea som har kraftigast vekst.

 

Les rapporten her .

Presieple

PresiEple er eit prosjekt med midlar frå Forskningsrådet.

 

NLR Viken er prosjekteigar, NIBIO er viktig FoU part i lag med andre aktørar i fruktmiljøet.

 

Utprøvinga er gjort i yrkesfelt.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.