Trehelse i eple

14.12.2018 (Oppdatert: 16.08.2019) Gaute Myren

Det er viktig å kjenne igjen skadegjeraren, slik at rett tiltak blir sett inn. Ta mange rundar i felta og fjern inntørka plantedelar. Frukttrekreft kan være vanskeleg å sjå tidleg i omløpet. Kreft i hovedstamma på unge tre bør fjernast frå feltet. Bakteriekreft ser ut til å bli hyppigare påvist i spesielt 'Discovery'. Klimaet vårt med kjølege vårar kan gi større problem med bakteriekreft. Sølvglans er påvist i eple, men det er usikkert om dette vil bli stort problem i dyrkinga.

Begerråte i eple

Sprøyting mot begerråte i eple

Resultat frå eit sprøyteforsøk med ulike kjemiske plantevernmidlar og tidspunkt rundt blomstring i 'Summerred' og 'Raud Gravenstein'. Frukttrekreft (Neonectria ditissima) er årsak til blaut fruktråte. Infeksjonen startar gjerne i begerenden av fruktene og kan minne om gråskimmel (Botrytis cinerea).  

 

Helsesjekk av nyplantingar

Trehelsa har blitt undersøkt i mange nyplantingar i 2017. Generelt er trehelsa bra, men av enkelte sortar har det blitt levert dårlege treparti.

 

Bladfall og sporefangst av frukttrekreft

Bladfallet kan være viktig i samband med at såra kan være innfallsport for frukttrekreft (Neonectria ditissima). Soppen treng opne sår og fuktigheit for å spreie seg til nye plantedelar. Sporane kan bli fanga i sporefelle som kan seie noko om tidspunktet som er viktig for beskyttelse for spreiing.

Les meir om forsøka her.

 

Et krafttak mot frukttrekreft

Forsøka er ein del av eit større prosjekt støtta av Norges Forskningsråd.

 

Oslofjorden Frukt og bær er prosjekteigar, NIBIO og NLR Viken er viktige bidragsytarar i praktiske tiltak for å betre fruktkvaliteten.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.