Det er viktig å få ut rett mengde plantevernmiddel også når du brukar ryggsprøyte. Det er ikkje alltid slik at jo sterkare dose, jo betre effekt. Systemiske plantevernmiddel som blir gitt i for stor dose, kan oppføre seg som eit kontaktmiddel. Dvs. det svir ned dei overjordiske plantedelene før dei får sjangs til å bli transportert ned i rota, - og også ta livet av den.

For å finne ut kor mange liter utblanda sprøytevæske i realiteten brukar, kan du gjennomføre denne testen.

  1. Mål opp ei prøverute på 2 x5 meter.
  2. Fyll ryggsprøyta med reint vatn, pump opp trykket og set handtaket i øvre posisjon. Etterfyll til ho renn over.
  3. Sprøyt prøveruta, som om det var ei einaste stor ugrasplante. Set handtaket i øvre posisjon.
  4. Etterfyll sprøyta med litermål. Noter mengda, t.d. 0,7 liter.
  5. Nå kan du finne ut kor mykje utblanda sprøytevæske du hadde brukt pr daa, ved å gange mengda i pk. 4 med 100 (t.d. 0,7 liter x 100 = 70 liter).

NB! I staden for å måle forbrukt vassmengde med litermål, kan du vege ryggsprøyta før og etter prøvesprøyting. Det krev ei nøyaktig vekt. 1 kg = 1 liter.

Tilblanding.

  1. Dosering (1) finn du på plantevernetiketten. T.d. 250 ml.
  2. Forbrukte mengde utblanda sprøytevæske finn du ut med metoden beskrive over (2).
  3. Vel så det skjemaet som passar tanken på di ryggsprøyte (3). T.d. 10 liter.
  4. Tøm oppi tanken den mengda plantevernmiddel som kryssingspunktet 4. viser. T.d. 36 ml.

NB! Hugs at 1,0 liter = 10,0 dl = 1000 ml.

Blandetabell
10 liter
15 liter