Norske fruktdagar 2018

13.02.2018 (Oppdatert: 14.02.2018) ,  Gaute Myren

Knappe 150 deltakarar, utstillarar og rådgivarar var samla på Voss for Norske Fruktdagar. Det var mange tema som vart belyst og arrangementet vart gjennomført med tette foredrag. Grofondet og Innovasjon Noreg fortale om sine ordningar for støtte til produksjonen. Gode foredrag om jordanalysering, gjødsling og gjødselvatning vart fortalt frå rådgivarar og praktiske erfaringar. Mattilsynet har arbeidd ein del med frukt den siste tida. Dyrkarane må passe på at ein berre brukar godkjente kjemiske plantevernmiddel. Det blir arbeidd med å finne praktiske retningslinjer for avstandskrav til vatn. Mattilsynet har satt fristen til 1.mars med å lage nasjonale retningslinjer for kva kriterium som skal leggjast til grunn for å kunne sprøyte tettare på vatnmiljøet.

Foto: Gaute Myren, NLR Viken. Typisk eplefelt i Austerriket med haglnett og frostvatning.

Austerrike satsar på økologiske eple

Frå Austerrike fortalte dyrkaren Karl Schloffer om deira moderne økologiske dyrking av eple. Schloffer har fungert som rådgjevar for andre dyrkarar dei seinare åra, slik at mykje av kvardagen er å gi gode råd om planteverntiltak. Moderne epledyrking medfører tettplanting, haglnett og overrislingsanlegg. Det er i dag 9000 daa med økologisk og nye 5000 daa som ligg i karens. Kring 50 % av avlinga blir eksportert i hovudsak til Tyskland og Sveits. Enkelte av sortane, som Topaz, er meir robuste mot sjukdommar, men ofte vert dei same sortane som i integrert dyrking også dyrka økologisk, t.d. Gala, Golden Delicious, Pinova, Breabrun, Jonagold.

Utfordringar

Østerriksk dyrking har hatt blomstringsfrost dei siste to åra og enda på kring 50 % av normalt avlingsnivå i 2017. Utfordringane rundt epleskurv er det same som i Noreg og dei brukar RIMpro flittig som styringsverktøy. Det blir fortalt om 10 viktige moment for skurv. Soppsprøytingane kan bli mange i løpet av ein sesong, kanskje 12-30 ganger for å holde skurven under kontroll. Hjelpemidla i soppkampen er svovel, kopper, bicarbonat og svovelkalk. Svovelkalk blir også nytta i overrislingsanlegg i tillegg til tåkesprøyte.

Sopp-problem

Svertesopp og bladfallsopp (marssonina) er mykje meir problematisk enn det me er vant med i våre sortar i Noreg. Mot kjølelagersopp (Gloeosporium) blir det brukt varmtvatns-behandling før innlegging på lager. Det tar lang tid å behandle mange tonn eple, men lagersvinnet blir markert mindre. Epleviklar er eit stort problem. Tiltak er å bruke feromon-forvirring som gjer at hoer og hannar ikkje finn kvarandre, og det blir ikkje lagt egg som seinare blir til larver som gjer skade i epla. Feromona som blir nytta verkar for dårleg, slik at det blir sprøyta ut viruspreparat i tillegg. I enkelte sortar som Topaz og Santana gjer epleveps stor skade. Det blir lågare avling og ein får eple med kork – og skalskade. Tiltak er Kvassia som eit naturleg plantevernmiddel som bekjemper larvene. Utfordringa er at larvene er inni blomsten og middelet treff ikkje godt nok. Det må dermed sprøytast fleire gonger.

Lagring

Tidlegare vart det meste av avlinga seld i løpet av hausten og vinteren fram til februar. No sel dei avling fram til mai og særleg for Pinova og Topaz er lagersvinnet aukande med mykje Kjølelagersopp (Gloeosporium) mot sluttsalet. Det er særleg seint hausta frukt som er utsett for lagerråten. Anlegget for varmt vatn kan ta 13 tonn pr time, og er svært viktig for å bevare kvaliteten på eplene. Shloffer avsluttar med å poengtere at økologiske eple må være av første klasse for at kjedene skal ta inn varene, og målet i Austerrike er at 90 % er 1.klasse. Det er i dag 400.000 tonn økologiske eple i Europa og dei må være like fine som integrert dyrka eple.

Overføring til Noreg

Foto: Gaute Myren. Plantevernmiddel som er lov å bruke i Austerriket, men ikkje i Noreg.

Sigrid Mogan arbeider som fagkoordinator i Norsk Landbruksrådgiving, og arbeider med å auka tilgangen på innsatsfaktorar i økologisk dyrking. Mange av planteverntiltaka som blir brukt i EU-land har vi ikkje mogelegheit til å bruke, sidan hjelpemidla ikkje er godkjente. Sjølv om vi har innlemma EU-regelverket, må det søkast om nasjonale godkjenningar. Gebyrsatsane er høge, og markedet for økologiske plantevernmiddel er lite. Det gjer det vanskeleg å få nokon til å søka inn midlane i Noreg. Det synest også som at godkjenningspraksis i Noreg er streng i høve til andre land. Svovelkalk er viktig i skurvbekjemping, og vert bruka i mange land i Europa. NLR har søkt dispensasjon for svovelkalk, og har fått avslag frå Mattilsynet. Ein klage er sendt, med støtte frå næringa. Arbeidet med å få tilgang på planteverntiltak blir kontinuerleg arbeida med i Norsk Landbruksrådgiving.

 

Siderrevolusjon

Nibio og to lokalprodusentar snakka varmt om nye vegar for omsetting av frukt. Olav Bleie vil gjerne at det blir etablert ei ciderklyngje med opptil 10 produsentar. Målet er at Hardanger-området skal bli assosiert med sider, og at kvaliteten skal være like bra kvart år.

 

Integrert dyrking

Integrert dyrking har vore viktig og er faktisk ein del av kvardagen til alle dyrkarar i dag. Det er krav til journalføring, at andre tiltak enn kjemisk er vurdert, og det er viktig å sjekke effekten av tiltaka. Bjørn Arild Hatteland i Nibio fortale om SmartCrop som er eit stort prosjekt med bla frukt og bær. Det vart vist forskjellar på ulike utfordringar aust og vest. Til dømes er epleviklaren, med få unnatak, fråværande på Vestlandet. Gunnhild Jåstad, også ho frå Nibio, viste resultat frå eit prosjekt om larver i eple. Det er viktig å kjenne sin fiende. Vert det fokusert på feil art, er det vanskeleg å setje inn rett tiltak.

 

Begerråte

Roland Weber frå fruktdistriktet utanfor Hamburg i Tyskland og Jorunn Børve i Nibio har samarbeidd med tiltak for å reduserer problema med frukttrekreft i eple. For begerråte er soppane frukttrekreft eller gråskimmel, som opptrer i blomstringa, den viktigaste årsaka til øydelagt avling. Det er truleg det same her i Noreg. I forsøka i Tyskland er det lite gode samanhengar mellom kjemisk bekjemping, ulike tidspunkt for bekjemping og førekomst av begerråte. I Noreg er det gjort liknande forsøk både på Austlandet og Vestlandet. Her til lands er problemet undervurdert. I eitt felt på Austlandet vart det registrert nedfall tilsvarande 1000 kg pr daa. Ein del var andre årsaker, som epleviklar, men det var registrert 6 % av nedfallet og 6 % av hausta avling med begerråte. Det blir arbeidd vidare med begerråte for å finne ei løysing for å redusere problemet.

Bakteriekreft på steinfrukt

Det er mest vanleg med bakteriekreft av Pseudomonas syringae pv syringae i Noreg. I andre land kan det vera andre patovarar som er viktige. Dette gir råte inni veden og råtesår med gummiflod utanpå greina. Det er forskjell på sortane, og trematerialet som blir planta kan være forskjelleg. Det er viktig å bruke tiltak som koppar-produkt og få tak i godt plantemateriale er Jorunn Børve i Nibio sine klare råd. Arbeid framover vil gje betre tiltak og råd for å handtere problemet.

Frukt og bærarrangement

Norske fruktdagar vart i 2018 arrangert på Voss i Hordaland.

 

Bærseminaret 2018 blir 20-21.mars på Hamar

Frukt og bærseminaret 2019 blir arrangert Drammen