Larver i eple

29.05.2019 (Oppdatert: 25.01.2020) Gaute Myren

Feromonfelle viser at enkelte viklarartar svermar tidlegare i 2018 enn i 2017. Økologiske felt har større andel eple med skade av larver samanlikna med integrerte felt, truleg skuldast det mangel på godkjende planteverntiltak. Tilsvarande overvaking av viklarar vert gjort i Telemark, Hardanger og Sogn.

Larvegnag rett etter blomstring i eple

Larver til besvær

Larvegnag kan utgjere store tap for dyrkaren. Det er viktig å vite kva art som gjer skade, slik at tiltak blir gjort på rett måte. Det er ikkje klare forskjellar mellom fangst av møll i økologiske og integrerte felt, men det er klare forskjellar når ein ser på skade på eple. Det er generelt meir skade i økologiske felt. Dette skuldast truleg fyrst og fremst mangel på godkjende effektive plantevernmiddel i økologisk fruktdyrking.

 

Les alt i vedlagt rapport. 

Resultata presentert her er henta frå prosjektet Åmeåtak administrert av NIBIO. NLR i dei viktigaste fruktdistrikta er deltakarar i prosjektet. Prosjektet går over tre år (2017-2019) og er finansiert av Landbruksdirektoratet.

 

Forsøksopplegg

Det vart hengt opp feromonfeller for kvar av seks viklarartar i eplefelta før me forventa at den enkelte arten var aktiv. Feller med limplater og artespesifikke feromoner for artane. 

 

Etter oppheng vart fellene sjekka kvar 14.dag og det vart talt opp vaksne individ. Stor fangst av vaksne individ kan seie noko om skadepotensialet til larvene for arten. Det vart hengt ut tre feller for kvar art i kvart av tre felt for å få eit noko betre grunnlag i 2018 samanlikna med 2017. Det same forsøksopplegget vart gjennomført i Hardanger, Sogn, Telemark og Viken-området for.

 

Det vart registert skade på kart før kartfall og tynning i juni. Rett før innhausting vart det tatt ut 300 eple i kvart av dei tre felta, desse vart kontrollerte for larveskade.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.