På Norges miljø- og biovitenskaplege universitet vert det forska på ei løysing som kallast "Smart calf care" der det vert sett av rømeleg med bingeplass der ku og kalv kan vere og kalven kan die mora, i tillegg til eigen binge for kalvane utanom når dei går i lag med mora. Dette krev ein del plass, og kan vere vanskeleg å passe inn i ein fjøs der plassen er godt utnytta som det er, og det ikkje er aktuelt med tilbygg.

Skal prøvast ut

Men er det så mogeleg å la ku og kalv gå i lag likevel? Dette er noko ein mellom anna ønskjer å prøve ut i prosjektet "Kalvelykke" der NORSØK er prosjekteigar og Landbruk Nordvest, Nibio, Nofence AS og Solem Sag er deltakarar. Som ledd i dette er det utarbeidd eit forslag til ein av forsøksvertane i prosjektet. Vidare i prosjektet skal ein sjå på tre andre fjøsar for å vurdere om- og korleis ein kan tilpasse også desse til å la ku og kalv gå i lag nokre veker medan kua er i produksjon.

Det er ikkje til å nekte for at kalven gjer eit solid innhogg i mjølkeproduksjonen (det som hamnar i mjølketanken). Motstykket i rekneskapen er at ein sparer innkjøpt fôr og ein sparer arbeid med tildeling av fôr.

Forsøk tyder også på at ku og kalv i lag i ein månad, gjerne gjev kalven ein god start i livet, og at den kan kome ut som ei betre ku eller ein betre okse gjennom større tilvekst og mindre sjukdom.

Ku og kalv 3
Ole Erik Dufseth på Rena fortel om svært trivelege, friske og fine kalvar etter dei har gått saman med mora ein månads tid etter fødselen.

Ammekufjøs med robot

Som ledd i prosjektet besøkte vi Familien Dufseth på Rena som nyss har bygt ny fjøs med 30 båsplassar der ku og kalv kan gå i lag. Fjøsen er bygt for både ammeku og vanleg mjølkeku; ettersom kvoten er avgrensa. Den er dermed planlagt for slik drifta frå grunnen av; og Ole Erik Dufseth kallar det ein ammekufjøs med robot.

Mjølkekvota på 110.000 vert fylt av ca. 22 mjølkekyr, og resten av plassen vert brukt til ammekyr. Kalvane under mjølkekyrne går saman med kuflokken ca. 30 dagar.

Grunnen til at dei valde ei slik løysing, var øsnkje om god dyrevelferd og ei produksjonsform som tiltala dei. Då dei bygde, var det lite kunnskap å finne, så dei måtte studere sjølve og prøve seg fram.

Meir plass

Erfaringane deira er at nok plass er viktig. For å gje kalvane plass, er båslengdene auka noko. I tillegg er det lagt vekt på opne båsskilje for at kalvane heile tida skal ha høve til å kome seg unna og unngå å bli klemt av vaksne dyr. Vidare er det tett golv, og det ser dei som ein fordel for små kalveklauver.

Gjødseloppsamling og uttransport vert ordna med gjødselskrape som også samlar opp gjødsla og tømmer den i oppsamlingstanken. Denne kravde også godt høgde under bingeskilja, og det har vist seg som ein fordel då det gjer det òg gjer det lett for kalvar å smette unna.

Ku og kalv 1
Skisseteikning av ei avdeling for mjølkekyr og diande kalvar i eit typisk lausdriftsfjøs der sinkuavdelinga er tatt i bruk til dette føremålet.
Ku og kalv 2
Her ser ein korleis fire båsplassar er ombyt til kalvegøyme. Her ein òg smartport og einvegsport mellom avdelinga for ku og kalv og dei andre mjølkekyrne. Illustrasjonar og fot: Bjørn Steinar Skarbø.

Utfordrande i store buskapar

Dufseth understrekar at han er skeptisk til ku og kalv i lag i for store buskapar. Systemet krev ein del meir ettersyn, men på den andre sida sparer det tid til fôring av spedkalvane når ku og kalv ordnar dette sjølve.

Nyttar sinkuavdelinga

Korleis kan så dette overførast til ein fjøs med ein buskap på kanskje 60- 70 mjølkekyr?

I det planforslaget som er laga, tar ein i bruk sinkuavdelinga til nykalva kyr med kalv; og flyttar sinkyrne bort til avdelinga for store kviger. Der det er velferdsavdeling, kan ein sjå om- og korleis ein kan nytte denne.

I avdelinga for ku og kalv i lag tek ein i bruk 4 båsar og moinnreier desse til kalvegøyme med innsmett for kalvane frå fleire kantar. Avdelinga er skilt frå resten av mjølkekyrne med einvegsport ut og smartport inn slik at mjølkekyrne kan kome seg til mjølkerobot og ev. kraftfôrautomat. På den måten er det berre kyr med diande kalv som kjem inn i denne avdelinga.

Ein må også avgrense talet på kyr/kalvar i denne avdelinga slik at det ikkje blir for trongt. Ei utfordring blir å unngå at kalvar kjem over i avdelinga for ku utan diande kalv. Også her må ein prøve seg fram.

Kostnadsoverslaget av dette er 142.000 kr der det meste er knytt til smartport og bingeinnreiing for kalvegøyme. Det ein så håper, er at brukarane som har fått planlagt denne løysinga, øsnkjer å bygge den slik at ein får prøvd det i praksis.

Flokkdyr

Naturleg åtferd for kyr er å halde i lag i flokkar med både kyr, kalvar og ungdyr i flokken. Kyrne søkjer seg gjerne litt bort frå flokken når dei skal kalve, men ei tid etter kalving, søkjer dei attende til flokken saman med den nyfødde kalven. Det er desse prinsippa ein har lagt til grunn når ein har utforma ei slik avdeling.

Rapport etter ett års prosjekt med "Kalvelykke"

Av Kristin Sørheim, prosjektleder, NORSØK