Hausten 2021 kom klimakalkulatoren for potet ut. Her var Lærdal kommune raskt på ballen og saman med lærdalsbønder og oss i NLR Vest har me testa ut den nye kalkulatoren. Kalkulatoren viser at det er skilnad mellom bruk, og her kan vi lære av kvarandre. Visste du forresten at potet er meir klimavennleg enn ris og pasta?

Har du ikkje logga deg inn før? Her er lenka

NLR Vest har i samarbeid med Lærdal kommune og bøndene Per Hjermann jr., Bernt Haakon Slogvik Voll og Anders Vold Eltun, testa ut klimakalkulatoren på potet. Dette er fyrste gongen han vart testa ut her på Vestlandet, og det var under 10 bruk som hadde testa denne ut nasjonalt då me logga oss inn.

Innlogging i klimakalkulatoren

Fyrste gongen ein loggar seg inn på kalkulatoren må ein godkjenne bruken gjennom Altinn. Ein må også godkjenne kva organisasjon som kan levere frå seg datainformasjonen for drifta di. Tilgjengeleg data vert henta inn får desse organisasjonane og utrekningane skjer vidare automatisk.

Mange kvir seg for å gje tilgang til rekneskapen, eller det kan hende at rekneskapskontora nyttar eit program som ikkje snakkar med klimakalkulatoren enno, men ein kan òg registrere tal frå rekneskapen manuelt. I hovudsak gjeld dette forbruk av straum og drivstoff. Ein må fordele dette mellom ulik drift på garden.

Det er mogleg å gjere enkelte andre registreringar, medan avlingsregistreringar og liknande må ein justere direkte i gjødselplanprogrammet som du nyttar (eventuelt ta kontakt med din NLR rådgjevar).

Skilnad mellom bruk

Tabellen under syner resultata for dei ulike bruka. Ein ser at eit av gardsbruka bind meir karbon enn dei to andre. Dette skuldast bruk av husdyrgjødsel. Karbonlageret i jorda blir påverka av produksjonen, mellom anna tilførsel av organisk materiale som husdyrgjødsel og kompost og uttak av avling. Slik utrekning kan berre utførast på areal som er jordmonnskartlagt, dette vart gjort på 90-talet i Lærdal. Det er også andre variasjonar mellom dei ulike gardsdriftene, mellom anna er det stor forskjell bruken av direkte energi (drivstoff).

Helena Klima potet
Tabell 1: Utslepp frå tre bruk med potetproduksjon i Lærdal. Lystgass kjem i hovudsak av gjødsling og frå gjødsellager. Direkte energi er drivstoff, straum og etc. nytta i drifta. Indirekte energi er utsleppa frå produksjon av produkta som er kjøpt inn (mineralgjødsel, drivstoff osv.)

Fordeling av drivstoff mellom produksjonar

Alle tre bøndene har grønsaksproduksjon i tillegg. Dette er ikkje registrert i kalkulatoren, og dermed må ein trekkje ut forbruket av drivstoff til potetproduksjonen. Eit av diskusjonstema med bøndene var kor nøyaktig desse tala er.

Fleire av tiltaka som ein potetprodusent kan gjere, var dessverre ikkje mogleg å registrere i kalkulatoren i haust, slik som bruken av fangvekst, som potetbøndene i Lærdal nyttar seg av. Andre tiltak som også kan vera godt for klimaet, er tilførsel av biokol. Dette og andre liknande tiltak håpar ein vil bli registrert i kalkulatoren etter kvart.

Potet er klimavennleg

Poteter eit klimavennleg produkt, og om ein samanliknar potet med pasta og ris, så er potet best. Dansk klimautrekning viser at 16 kg potet har same klimabelastning som 1 kg ris. Medan 6 kg potet har same klimabelastning som 1 kg pasta.

Konklusjonen er altså: Et norsk potet - og nyt nypotet frå Lærdal attåt grillmaten!

Helena Klima potet2