Kjemisk tynning i eple

19.12.2018 (Oppdatert: 16.08.2019) Gaute Myren

Kjemisk tynning i blomen eller på kart er ein måte å få jamnare storleik på fruktene og mindre vekselbering.

Mange blomar det eine året påverkar neste sesong i negativ retning

Forsøket har gått sin andre sesong i eplesorten 'Summerred'. Kjemisk tynning i blomen eller på kart er ein måte å få jamnare storleik på fruktene og mindre vekselbering. Tynningsmiddelet Brevis er ein fotosyntesehemmar som kan brukast på 8-10 mm kart eller seinare. Brevis er ikkje godkjent i Norge. Det er ikkje lov å bruke middelet i frukt i Norge pr i dag, men i mange andre land.

 

Stor avling og ingen tynning gav mykje for små eple. Handtynning gav størst andel av eple over 60 mm. ATS og Cerone var ikkje effektiv nok. Ei eller to behandlingar med største dose med Brevis gav passe avling. Ingen utslag på fruktkvalitet i forhold til behandlingane. Forsøkstrea var ujamne i tal blomeklasar pr. tre. Dette er medverkande til det vart liten efekt av dei ulike tynningsmidla

 

ATS og Cerone er godkjent til tynning i eplefelt i dag. Brevis kan være eit godt hjelpemiddel om det skulle bli godkjent av Mattilsynet i framtida.

 

Les forsøksrapporten her.

PresiEple er eit prosjekt med midlar frå Forskningsrådet.

 

NLR Viken er prosjekteigar og NIBIO Ullensvang, ved Mekjell Meland som FoU –ansvarleg, i samarbeid med NLR Viken. Prosjektet starta opp i 2016 og går over fire år. Dei endelege resultata kjem difor i slutten på prosjektperioden.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.