Du møter dei av og til langs vegen, eller kanskje er du ein av dei? Traktor med lastar, ein eller to rundballar i spyd eller klype framme, tilhengar full av rundballar bak, med ei stropp på midten. Når vi veit kor gale det kan gå, både for deg og dei du møter, - kvifor?

Alt i orden?

Det er krevjande å ha alt i orden heile tida, og det kan vere vanskeleg å følgje reglar og forskrifter til punkt og prikke, når ein skal gjere arbeidet så effektivt og snøgt som mogleg. Landbruket er, og må vere effektivt, særleg i dei periodane ein er avhengig av vêret for å få gjort arbeidet. Den største utfordringa ligg kanskje i at det i hovudsak er opp til kvar einskild bonde å passe på seg sjølv. Det blinkar ingen raude lys når du køyrer endå litt lenger opp i den brattaste bakken du har, ingen arbeidsleiar som seier stogg når du fjernar akslingsvern, manglar verneutstyr, lesser for store lass, eller droppar stropping og setebelte. Vil du vite om lysa på tilhengaren verkar, må du sjekke det sjølv.

Rundballestropp

Tradisjonar

I landbruket har vi mange gode tradisjonar, men og fleire dårlege. Ein er å alltid lesse så fullt som mogleg for å utnytte alt maksimalt (inkludert klypa framme til transport). Ein annan er at ting skal brukast opp til siste trevl, ikkje minst gjeld dette «gjenbruk» av lastestropper som andre har slengt. Ein tredje er stadig bruk av gamle traktorar med tilsynelatande evig liv. Der er og ein tradisjon for at arbeidet skal gjerast nærmast uansett, sjølv om alt ikkje er i orden, risikoen er stor, og det er fare for liv og helse.

Konsekvensar

I arbeid med risiko leitar vi etter kva som kan hende, (sannsyn) og kva som kan bli det verst tenkelege utfallet av ei hending(konsekvens), med mål om at det skal vere så trygt som råd:

Køyrer du med rundballe på spyd eller i klype framme på lastaren etter vegen, så kan hydraulikkslangar ryke, og du misser ballen. Har du då ein fart på 30 -50 km/t, greier du ikkje å stogge. Køyrer du over rundballen vil du miste kontrollen på traktoren og hamne i grøfta, eller skjene over i motsett køyrebane. Er du på ein trafikkert veg, så kan dette føre til ei alvorleg ulukke med fleire skadde og døde. Er verkeleg den eine ekstra rundballen så mykje verdt å få med seg at vi ofrar liv for å få den med?

Rundballar i fleire høgder på tilhengar ser ofte ut til å ligge godt av seg sjølv, men det skal lite til før dei sklir og kan dette av. Ein rundballe veg kring eit tonn, og dersom den treff eit biltak, eller ein bil køyrer i den, så blir utfallet fatalt. Korleis ser stroppene dine ut? Kor gamle er dei? Har du nok stropper? Hugs at stroppa skal halde heile vekta av lasset framover, og halvparten til sides. Held dine stropper det? På tide med nye? Vil du spare pengar på stropper, eller spare liv?

Frontlastar på traktor er godt å ha, men kan gjere traktoren meir ustabil, og den tar i visse posisjonar sikt frå førarplassen. Har du i tillegg lastaren ein god meter over bakken, vil eit møte med ein personbil vere fatalt. Har du lastaren heilt oppe, vert traktoren svært ustabil, og du vert ein fare for lastebilsjåførane. Senk lastaren mest mogleg ved ferdsel på veg, då har du best oversikt. Påmontert reiskap stikk ofte langt fram. Tenk over det når du skal ut frå sidevegar. Har du mulighet, så transporter klype eller spyd på tilhengar. Ved bruk av frontlastar er det viktig å ha motvekt bak på traktoren for å hindre velt.

Det er no lov å køyre fritt med brei traktor og reiskap opp til 3.50 m i ein avstand på 50 km i luftlinje frå der køyretyet høyrer heime. Køyrer du med slik ekvipasje når det tek til å mørkne, er det utruleg viktig at du har rett lys og breiddemarkering. Tenk om du møter ein moped på smal veg som trur at du har vanleg breidd! Det går ikkje bra.

Tips for trygg traktor og sikker last

Betre og betre

Traktor i trafikken har ikkje blitt enklare med år og auka trafikk. Bilistar er utolmodige og vil forbi, men når du køyrer ut og slepper forbi, så er der like mange bak etter 2-3 minutt. Mange vert heilt desperate når dei ser ein traktor, og køyrer forbi, når og kvar som helst. Då er det utruleg viktig at du som bonde og traktorførar er defensiv og får dei forbi, same kor eitrande forbanna du blir. og at du køyrer ofte til sides og slepper forbi. Pass på å ha alt i orden; gode utvendige speglar, godt og rett lys, blinklys som virkar rett veg, ryddig og oversiktleg traktorhytte. Og ta alltid på deg setebelte i traktor. La dei gongene du tar det av vere unntaket, og det er aldri etter vegen. Pust med magen, ikkje kav deg opp, og tenk på at dette er ditt bidrag for at traktor og last skal vere så trygge som råd i trafikken, og at ingen skal misse livet på grunn av deg. 5 minuttar ekstra til førebuing og sikring kan redde liv. Og du; ta deg ein matbit og ein liten strekk før du legg ut i trafikken.

God tur!

Lastar