Hausteinstrument for frukt

22.01.2019 (Oppdatert: 01.02.2019) Gaute Myren

Måling av sukker er viktig for å hauste epler til rett tid.

Instrumentet kan brukes på frukt på treet

Utprøving av ATAGO-målaren PAL-HIKARi 5. Målaren sender inn infraraude stråler for måling av sukkerinnhald og angir dette i ein verdi som er den same som brix %.

Vi har testa målaren på ein tidleg norskprodusert eplesort, 'Geneva Early'. Sorten har rund epleform. Det er tatt måling på både sol- og skuggesida på eplet. Solsida har raud dekkfarge. Det er merka punkt på eplet og målt med IR-meter på merket. Eplet er så delt i to og det er tatt ut saftprøve frå same punktet, som er målt med vanleg ATAGO-brix-måler.

 

Les rapporten her.

Haustekriterium til eple er fleire og samansette. Det er viktig at fruktene er velutvikla med nok dekkfarge, grunnfarge og blir hausta til rett tid. Sukkerinnhald målt i Brix er enkel å måle for dyrker og lager.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.