Vårkål har store gule kronblad, og tilhøyrer soleifamilien. Vårkål trivast best i kyststrok. Han førekjem i hagar, langs hekkar og grøfter, i eng og beite, og i skog. Han er mest vanleg på våt jord, og svakt sur jord. Han toler godt skugge.

Plantane har lauk-knoppar i bladhjørna, og rotknollar like under jordoverflata. Desse tener som lagringsorgan for næring, og som formeiringsorgan. I tillegg skjer formeiringa ved frø.

I eng og beite har ein rekna planten som lite brysam. Dei seinare åra er det teikn til auka utbreiing, somme stader nærast «invasjon». Kva kjem dette av, og kva mottiltak har ein?

Betra drenering vil vere eit godt førebyggjande tiltak på våt jord. Gjødsling av næringsfattig jord aukar konkurranseevna til kulturplantane. Ompløging, og eitt eller to år med åkervekstar, vel vere eit godt tiltak på jord som er «invadert» av vårkål.

Mange har dårleg røynsle når det gjeld kjemiske middel mot vårkål. Dette kan skuldast at planten blomstrar så tidleg. Når ein tek fram åkersprøyta kring midten av mai, for å sprøyte mot dei mest vanlege ugrasartane, så har vårkålen blomstra ferdig og byrja å visne. Dessutan, om ein prøver sprøyte til «rett» utviklingsstadium, i april mai, er veret ofte kaldt og ulagleg. At planten «unngår» sprøyting, kan vere medverkande årsak til auka utbreiing.

Opplysningar tyder på at både MCPA og mekoprop, brukt på rette utviklingsstadium, kan ha bra verknad. Det same gjeld Roundup. Når det gjeld andre middel, manglar ein opplysningar.

Varkal 28042019 b
Tette matter av vårkål svekker veksten hos eng og beiteplantane. Dei seinare åra har ein fleire stader opplevd «invasjon» av vårkål, også på eng i bra hevd.