Klima

Fôrmais bør dyrkast i lune varmekjære områder med høge dagtemperaturar og liten fare for frost før i slutten av september. Maisen er ein varmekjær plante som aukar veksthastigheita heilt opp til 27 grader celsius, i motsetning til gras som helst ikkje skal ha over 25 grader.


Krav til jord

Mais bør prioriterast på dei lettare jordtypane og fungerer godt i sandrik jord og morene. Jorda bør vere godt drenert med pH over 6,0. I tyngre jord som myr og leire er det meir utfordrande å få til maisen. Stein er i utgangspunktet ikkje noko problem.


Vekstskifte

Mais kan dyrkast på same teigen år etter år, men dette kan auka faren for fusarium og større mengder ugras. På bakgrunn av dette er det viktig med god jordarbeiding, og ei djup pløgsle er anbefalt før ein anlegg mais. Mais har ein god forgrødeeffekt og passer godt i eit vekstskifte med gras og korn.


Sortsvalg

I Norge er det dei tidlege og mellomtidlege maissortane som er aktuelle å bruka.


Jordarbeiding

Det kan vere ein fordel med pløying 8-10 dagar før såing for å varma opp jorda og oppnå høg nok jordtemperatur slik at maisen spirer. Spiring skjer ved jordtemperatur på ca. 8 grader. For å oppnå dette er tidleg pløying og gjentatt harving, ned til 15 cm anbefalt. Ved å harve over fleire gonger vil ein i tillegg til å oppnå ein høgare jordtemperatur også utarma ein del av ugrasa som spirer etter jordarbeidinga, dette blir kalla for falsk såbed. Dermed er ein også i gang med ugraskampen allereie før maisen er sådd. Sidan maisen såast midt i mai, skal ein vere forsiktig med å jordarbeide mykje, lenge før såing. Dette gjelder spesielt i sandjord med fare for sandflukt. Erfaringane fra Jæren tilseier at ein ikkje er så utsett for sandflukt utover i sesongen.


Såing

Mais skal sås i det jordtemperaturen når 8 grader med utsikter for gode temperaturar og lite nedbør i perioden etter såing. Ved såing blir det brukt ein einfrøsåmaskin, frøa skal plasserast på 4-5 cm djup og med ein avstand mellom frøa på 12-14 cm. Maisen blir sådd i rekker og det er vanleg med 75 cm rekkeavstand. Storleik og fasong på maisfrøa variera mykje ut i frå sort. Nokon sortar er runde og butte mens andre er flate og spisse, og tusenkornsvekta kan variera frå 200-400 gram. Det er difor viktig at såmaskina heile tida er riktig innstilt. Dette må følgjast opp med bytte av parti og sort. Vanlig såmengde har vore 10 000 til 11 000 før pr dekar på Jæren.


Gjødsling

Gjødsling skal tilpassast det enkelt skifte med hensyn til jordprøvar og jordart. Maisplanta utnyttar husdyrgjødsel svært godt. Det er anbefalt å køyra på fem tonn med storfegjødsel før pløying, eventuelt harving. Maisen har behov for forholdsvis store mengder fosfor (P.) Den har ofte behov for startgjødsel sjølv om det blir tilført store mengder husdyrgjødsel. Startgjødsel ved såing i form av 15kg YARAMILA MAJS NP 19-8-0 eller 5-10 kg OPTI-START NP 12-23-0 er anbefalt. Det er vanleg å tilføra nitrogen og kalium i form av 30-50kg Opti-NS eller Opti-NK gjødsel før eller rett etter såing.


Ugras

Ugrasbekjemping er viktig i maisdyrkinga. I starten dekker planta svært lite av jordoverflata og sollyset kjem lett til ugrasspira. Det er difor viktig å ha kontroll over ugraset heilt i frå starten av. Fram til planta har 10 blader bør maisåkeren vere bort i mot 100% ugrasfri.


Kjemisk

Brakking med glyfosat eller på mekanisk vis må til før såing for å få kontroll over det fleirårige ugraset. Ved kjemisk bekjemping er det vanleg med to til tre sprøytinga, der den fyrste skjer når ugraset er på frøbladstadiet. I Norge er sprøytemidla MaisTer, Thomahawk 200 EC, Titus, Harmony 50 SX, Matrigon 72 SG og Cleave aktuelle ugrasmiddel å bruka. Desse verkar ulikt på ulike ugrasartar. Forsøk gjort på Jæren viser at to sprøytingar med kombinasjonen Harmony og Maister har hatt god effekt. Desse verkar spesielt godt på hendholdsvis meldestokk (Harmony) og kveke (Maister), dette er ugras som ofte skapar store problem for maisen.

Mekanisk

Mekanisk ugrasbekjemping er eit godt alternativ i mais og ein kombinasjon med ugrasharving og radrensing fungerer bra. Ei blindharving rett før maisen spirer kan vere ein fordel. Etter kvart som maisplanta stikker igjennom jorda må ein vere meir skånsam med harvinga, i og med at planta toler svært lite i starten. Når planta så veks til, kan radrensinga starta. I denne prosessen er det viktig at det blir lagt jord heilt inntil planta for å ikkje sleppa til ugras her. Det skal ikkje jobbast djupare enn 5 cm for å unngå skader på røtene, og ein må også passe på å halda ca. 15 cm avstand til rekkene.


Vatning

Maisen klarer seg godt i tørre periodar, men rundt blomstring er det viktig at den har tilgang på nok vatn. Under våre forhold har det normalt ikkje vore aktuelt med vatning. Unnataket har vore i 2018, då ein fekk behov for vatning på Jæren.


Hausting og oppbevaring

Hausting av fôrmaisen skjer i slutten av september- byrjinga av oktober, helst ikkje seinare enn 15 oktober. Om det skulle bli frost må maisen haustast umiddelbart etter opptining, spesielt i år med lite utvikla kolber. Målet er å nå ein tørrstoffprosent på mellom 28-33% ved hausting. I ein god maissilo bør stivelsesinnhaldet ligge på rundt 30%. Fôrmaisen blir hausta med ein finsnittar med mais- skjærebord og kjerneknusar, deretter ensilert i plansilo, tårnsilo eller i rundballar. Det er viktig at finsnittaren har ein såkalla kjerneknusar (corn-cracker.) Dette er ekstrautstyr hjå dei fleste produsentar. Kjerneknusaren har som oppgåve å knuse/ bryte skalet på maiskjernen, dette må gjerast slik at næringa i kjernane blir tilgjengelege for kua. Maisheilsæd er stort sett grei å ensilere så sant det blir gjort ein god jobb med jamning og pakking i siloen. Ved uttak av silo er det derimot fare for varmgang og mugg, difor er ensileringsmiddel med propion og benzoater anbefalt. Ved hausting av maisheilsæd med låg tørrstoffprosent er det aktuelt å strø roepiller/roesuper lagvis i siloen som trekker til seg næringa i den blaute massen.Erfaring frå Jæren er å bruke Grasaat korn når en har bra med stivelse og bruka Grasaat plus i år med dårlig utvikla kolber.