Det er ikkje ein haust som er lik. Dette gjer at det er vanskeleg å spå kva me kan forventa på tampen av vekstsesongen. Det gjeld difor å ta dei grepa som sikrar eit godt resultat; same kva.

Beitedyra stiller krav til beita, og beita stiller krav til beitedyra. I ein situasjon med høge gjødselprisar gjeld det å nytta gjødselressursen med omhug. Ergo kan det vera greitt å skilja litt på kva som høver for ulike dyreslag.

Haustbeite til sau

Mange sauer går på utmarksbeite om sumaren, medan andre sauer går på innmarksbeite heile beitesesongen. Haustbeite tener fleire føremål i sauehaldet: Sluttfôring av slaktelam, oppfôring av påsettlam og «opphald» for vaksne sauer.

Beite for slaktelam og påsettlam skal vera av god kvalitet. Påsettlam skal i utgangspunktet ikkje ha trong for kraftfôr på haustbeite. Mest mogleg beiteopptak sikrar ei god utvikling av vomma. Dersom slaktelamma får tildelt kraftfôr, kan det vera greitt å skilja slaktelam og påsettlam. Elles kan dei gjerne gå på same beitet.

Gjødsling av slåttemark etter siste slått vil sikra eit bra beitegras for lamma. Gjødsling av innmarksbeite med utvakse gras gjev dårleg utteljing både for graset og lommeboka. Beitepussing vil kvikka opp graset, og kombinert med gjødsling vil resultatet verta topp.

Erfaringar frå Rogaland har synt at for sterk nitrogengjødsling på haustbeite har negativ verknad for tilvekst på lam. Dette kjem av at det er ei belastning for dyret å omsetja og skilja ut overskotet av nitrogen frå kroppen. Moderat gjødsling vil difor gje det beste resultatet.

Vaksne sauer har ofte hatt stor slitasje gjennom ein sumar med mjølkeproduksjon. Gimrar skal i tillegg veksa enno litt før dei er skikkeleg vaksne. For eldre dyr er eit middels bra innmarksbeite tilstrekkeleg, so sant dei har tilgang på nok å eta. For gimrar kan det vera ein føremon med eit bra beite, eventuelt middels bra + kraftfôr.

Haustbeite til storfe

I terreng som toler det, er beiting med storfe god ressursutnytting. Storfe har stor kapasitet til å snappa i seg mykje grovfôr på beite. Med si store tyngde kan dei diverre gjera tilsvarande stor skade på blaute og bratte areal. Haustbeiting med storfe høver difor ikkje alltid like bra.

Mjølkekyr og ungdyr krev godt beite. Sinkyr kan nøya seg med magrare kår. Ammekyr kjem i ei mellomstilling.

Det kan vera risikabelt å spreia ut dyrebar gjødsel i håp om å få ein tørr og god haustbeitesesong for mjølkekyr. Det kan då vera betre å sjå an beita utover hausten, og beita so mykje av attveksten som råd, utan å gjødsla. For å hausta flest mogleg fôreiningar kan du eventuelt gjødsla, og beita i sund eit areal som uansett skal fornyast året etter. Bruk av kalvar og ungdyr på haustbeite er meir skånsamt so sant dei ikkje herjar for mykje rundt, eller stikk av.

Beitegjødsling

Eit døme på moderat gjødsling til haustbeite er 15-20 kg Fullgjødsel 22-2-12, 22-0-12 eller 22-3-10 per daa etter siste slått. Dersom det er nytta husdyrgjødsel tidlegare i sesongen kan det vera aktuelt med 15 kg 25-2-6 eller 15 kg Opti NS 27-0-0 (4S) per daa. Ved bruk av husdyrgjødsel til haustbeite bør dette halda utan bruk av mineralgjødsel, eventuelt med ein minimal dose med Opti NS 27-0-0 (4S) som supplement.

Helgjødsel er ei blanding av hønsegjødsel og mineralgjødsel i pelletert form. Hønsegjødsla vil ha ein meir langvarig verknad enn mineralgjødsla. Dette vil og vera med på å dempa nitrat- og proteinmengda i tida etter gjødsling og soleis redusera belastninga på dyret. Bruk av 20-25 kg Helgjødsel 18-1-10 per daa vil duga bra til haustbeite. Sidan lengda på vekstsesongen varierar, høver Helgjødsel best i starten av vekstsesongen.

Beitegras

Timotei toler dårleg å verta hardt beita. Ulike rappartar toler beiting godt, men veksten vert redusert mot slutten av beitesesongen. På stadar med gunstig klima veks raigras gjennom store delar av vinteren. Med lågt beitetrykk kan lam på haustbeite i slike område ha friskt raigras og anna beitegras som einaste kost fram til innsett. Bruk av direktesådd eittårig eller toårig raigras vil og medverka til friskt beite til lagt utpå hausten. Bruk av beitegras med lang vekstsesong kan i mange tilfelle vera betre for lommeboka enn å gjødsla eit beite som ikkje kviknar til av gjødsla likevel.