Nettsida «Farmes weekly» har sett opp ei liste du som bonde bør følgje for å oppnå suksess. Her gjengir vi dei 5 punkta, justert for norske tilhøve.

1. Vurder gjødselstyrke

Proteininnhaldet i graset seinhaustes, kan bli høgt (ofte for høgt) sidan grasveksten då er redusert. I tillegg vil det vere ein del etterverknad av husdyrgjødsel køyrd ut tidlegare i sesongen. Ved å redusera N-gjødslinga kan ein risikere at avlinga gå ned, men samtidig gjer for sterk gjødsling at avlinga vanskeleg å ensilera og vanskelegare å fôre med. Er du i tvil om kva som er rett gjødselstyrke? Me i Norsk Landbruksrådgiving er gjerne med deg på den vurderinga!

2. Fortørkinga går seinare

Sjølv om vi kan få varme dagar, er dei kortare om hausten. Difor må vi auka luftgjennomgangen i grasstrengen. Hugs minst 10 cm stubbhøgd. God stubbhøgd er også viktig for overvintring av graset. Også der me har raigras!

Spreiing av grasstrengen vil føre til raskare fortørking, men vil også auka strøtapet.

Vent med å slått til dogga er borte.

Prøv å fortørka til ca. 30% TS i graset. Men ikkje la det ligge lengre enn maksimalt 24-36 timar, gjer ein det vil tapet av sukker auka, og kvaliteten i surfôret bli dårlegare.

Spratling Foto Magnus Haugland
Å få tørka graset er vankeleg på hausten. Å breispreie graset anten med slåmaskinen eller med rive er til god hjelp. Foto: Magnus Haugland

3. Plansilo eller ballar?

Rundballar er ofte eit godt alternativ ved siste slått sidan ein lett vil få varmgang og øydelagt fôr når vi tar av presset på plansiloen.

4. Kostnad ved innhausting

Kostnaden med siste slått er ofte høgare enn ved tidlegare slåttar, på grunn av lågare avling. Å beite denne avlinga er billegare, og ofte meir skånsam for enga enn slått.

For låg stubbing om hausten vil gå ut over avlingsmengd neste vår. Enga bør få 4-5 veker gjenvekst før vinteren set inn. Derfor tilrår me ikkje seinare slått enn 30. september. Er det derimot for mykje gras på enga om hausten, kan desse restane forringa kvaliteten på avlinga ved førsteslått neste år.

5. Kvalitet

Råprotein på 15-16% og FEm 0,90 er godt mål for kvaliteten på seint slått gras (om lag 600 døgngrader etter sist slått).

Ofte er det vanskeleg å oppnå 30% TS, avhengig av avlingsmengda og været under hausting.

Fordøyelsen av fiber vil væra god på seint hausta grovfôr. Utnytt det strategisk i fôringsplanen.

Mange bønder opplever at kyrne «skit i veggen» når dei brukar grovfôr hausta seint i sesongen. Dette kan forebyggast med redusert nitrogengjødsling til denne slåtten, så rask tørking som mogleg og å blande inn halm i fôret.

Kalium er meir tilgjengeleg om hausten, så skal du gjødsle enga, bruk rein nitrogen i staden for fullgjødsel med nitrogen, fosfor og kalium. Grovfôr med høgt innhald av kalium bør ikkje gis til sin-kyr, sidan høge kaliumnivå kan blokkera opptaket av magnesium og kalsium, noko som kan redusera kua si evne til å mobilisera kalsium etter kalving.