Gjødselvatning til eple

19.12.2018 (Oppdatert: 16.08.2019) Gaute Myren

Gjødselvatning kan være en alternativ til tørrgjødsel på bakken. Målet med presisjonsgjødsling er å tilføra minst mogeleg gjødsel, men slik at ein får størst mogeleg avling med kvalitetsfrukt.

Gjødselvatning samanligna med bakkegjødsling i sesongen

Forsøket er likt opplagt som i 2016, sjå forsøksmelding 6/2016 frå NLR Viken. Det vart laga til storruter der to epletre og tre repetisjonar blir registert. Trea var jamne og like store ved forsøksstart. Målet med presisjonsgjødsling er å tilføra minst mogeleg gjødsel, men slik at ein får størst mogeleg avling med kvalitetsfrukt.

Det er talt blomeklasar på våren. Vasshushaldet er overvaka med Watermark. Det er gjort målt tilvekst i form av stammediameter 25 cm over podestad. Bladprøvar kvar 14.dag frå juni til oktober for kjemisk innhald. Tilvekst av 5 frukter pr tre etter tynning, som er målt kvar 14. dag fram til hausting. Avlinga er hausta, talt og vege. Det er sendt 20 frukter per rute til analyse ved NIBIO Ullensvang.

Avling

Det er hausta alle epla i to hausteomgangar til rett haustetid for sorten. Det er sortert etter storleik, talt antall eple og vege.  

Konklusjon

Gjødsling må gå over fleire år for å kunne måle sikre forskjellar. Prosjektet vil fortsette neste i 2018 sesongen også.

Les meir i rapporten her.

 

 

PresiEple

PresiEple er eit prosjekt med midlar frå Forskningsrådet. NLR Viken er prosjekteigar, NIBIO er viktig FoU part i lag med andre aktørar i fruktmiljøet.

 

Prosjektet går over fleire år, slik at dei endelege resultata må komme seinare i prosjektperioden.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.