Forskningsrådet har gitt løyvingar til prosjektet «Betre Trehelse». Prosjektet er eigd av Fruktgården AS, har Oslofjorden frukt og bær som administrativt ansvarleg og NLR Viken er prosjektleiar. NIBIO utfører forskningsoppgåvene i lag med NLR. Prosjektet vert avslutta i 2022.

Billeart i plommetre

Fruktsplintborer lagar mindre hull enn den andre billetypen. Ofte er det mange hull med kort avstand. Billene er rundare enn lauvtreborkbilla, men har elles svart sylinderforma kropp og er 2,0-2,8 mm lang.

Trehelse plomme

Soppar på plommetre:

I arbeidet med sølvglans har det vorte funne fleire andre soppar på plommetrea i vårt område. Det vert undersøkt om dei har evne til å gå til angrep på friske tre eller om dei berre er soppar som er på tre som allereie er svekka. To døme er søskenfiolbeger og kløyvsopp, som begge kan finnast på mange lauvtreartar. Søskenfiolbeger har små lilla puter, medan kløyvsopp har kvite litt større fruktlekamar. Det var kløyvsopp på sterkt frostsvekka og daude tre i 2021, men soppen vart også vore funne i 2020.

Les hele rapporten her.

Plomme sopp 1
Plomme sopp 2