Plantevern

Det er bekjempa pæreskurv og andre soppsjukdommar på same måte som i eple. Feltet har mykje gallmidd i begge sortane. Det kan bekjempast med Thiovit Jet seint på hausten eller tidleg på våren. Bakteriekreft-symptom på blada er omfattande på enkelte tre, og det er i tillegg holer i blad av ukjent årsak. Dette kan nedsette fotosyntese i trea. Det er noko korkdanning i skalet på ‘Anna’, mens skalet til ‘Celina’ er glatt og fint. Nattefrost under blomstring kan ha forårsaka dette. Pæresugar er viktig å kjenne igjen, sidan den kan gjere stor skade om den ikkje blir bekjempa.

Tilvekst pærekart

Det er målt tilveksten på 10 pærer av kvar sort fordelt på fleire tre.

Paere 1

Haustetid

Det blir arbeida med rett haustetid for ‘Celina’, samt ‘Anna’ sidan den er anbefalt pollensort. Haustetida vil variere mellom sesongane og aust/vest i Norge. Vanlege haustetidsparameter gir indikasjon på tidspunktet, men trykkfastleiken er rekna som den viktigaste parameter i ‘Celina’. Rett haustetid er no justert til fastleiken 6,0 kg/cm2 . Anbefalt haustetid for ‘Celina’ i Lier var 10. september i 2017, 25. august i 2018 og 6. september 2019.

Paere 2

Tabellane viser haustetidsparameter i tida rundt rett haustetid. Feltet vart hausta 8. september. Stivelse kan være vanskeleg å bedømme på pærer, men er forsøkt å karaktergi i tabellen under.

Celina

22.aug

30.aug

06.sep

13.sep

20.sep

Vekt 10 pærer

140

200

185

205

228

Refraktometer

9,0

9,0

8,9

9,1

9,3

Stivelse

4,4

6,9

7,3

8,6

9,9

Fasthet snitt kg/cm2

7,7

6,9

5,1

5,1

4,7

Streif

0,20

0,19

0,08

0,07

0,05

Anna

22.aug

30.aug

06.sep

13.sep

20.sep

Vekt 10 pærer

99

115

134

152

?

Refraktometer

9,6

10,2

10,2

10,8

10,6

Stivelse

2,1

2,3

4,5

5,2

9,6

Fasthet snitt kg/cm2

8,6

8,8

7,5

6,8

7,0

Streif

0,43

0,39

0,17

0,12

0,07

Avling

I følgje dyrkar vart det i 2017 er hausta litt over 2000 kg på knappe 3 daa (229 tre/daa) og 2,9 kg/tre. I 2018 vart det hausta 3300 kg som gir 5,5 kg/tre eller knappe 1300 kg/daa. I 2019 vart det hausta 5300 kg og 9,2 kg pr tre. Det tilsvarar litt over 2100 kg/daa som gjennomsnittsavling.

Paere 3

Konklusjon

‘Celina’ er en bra sort å få inn i det norske sortimentet. Plantevern skal en passe på, samt tilpassa stell. Haustetid ser ut til å være første veka av september. ‘Anna’ er anbefalt som pollineringssort, men kan ha for dårleg smakskvalitet til å bli omsett i konsummarknaden.

Les meir i den trykte Forsøksmeldinga 2019