Rett pollinering for auka fruktsetjing, større avling og betre fruktkvalitet i eple er eit prosjekt finansiert av Noregs Forskningråd der NLR Viken er prosjekteigar i samarbeid med fruktlagera i landet. NIBIO Ullensvang er FoU ansvarleg i samarbeid med universitet på Balkan. Prosjektet går over fem år og starta opp i 2020, slik at dei endelege resultata må komme seinare i prosjektperioden.

Bakgrunnen for prosjektet er å kunne ha sikrare tilråding av pollensortar til våre vanlegaste eplesortar. Det er gjort fenologiske registeringar av åtte eplesortar og fire prydeplesortar i 2020 og 2021. Fenotypen til sortane er kartlagt ved bladprøvar i 2020. Eplekjernar av dei ulike sortane vart teke ut i 2021 og vil verta teke opp at i 2022 for å bestemma kva som var pollensortane ved hjelp av DNA-analysar (farskaptesting). Under blomstringa i 2022 skal det i tillegg gjennomførast kontrollerte kryssingar

Åtte eplesortane: Asfari, Julyred (to felt), Discovery, Summerred, Gravenstein, Aroma, Elstar og Rubinstep.

Fire prydeplesortar: Dolgo, Evereste, Kobenza, Golden Hornet

Eple DNA

Tilveksten på eplekart til ulike eplesortar.

Les heile rapporten her.

Dna tilvekst