Kva er rognebærmøll?

Rognebærmøllen (Argyresthia conjugella)er ein kjend skadegjerar i eple i Skandinavia. Det er ein møll som primært nyttar rogn som vertsplante. Rognebærmøllen overvintrar som puppe i bakken. Når temperaturen aukar i mai/juni vil den klekke og ta til vengjene på jakt etter ein make. Den legg helst egg på rognebæra, men enkelte år er det så lite rogn at den må nytte den nest beste vertsplanten, nemleg eple.

Inngangssår etter rognebærmøllarven. Foto: Gunnhild Jaastad, NIBIO.

1 skade2 Gunnhild Jaastad i NIBIO rognebaermoll

Hoa vil legge egg på rogn eller eple i andre halvpart av juni, avhengig av temperaturen. Når egga blir klekte nokre dagar seinare, vil larven gnage seg inn i rognebæra og ete på frøa, eller lage gangar på kryss og tvers i eplet, dersom egga er lagt her. Larven blir inne i bæra til den er ferdig utvikla og slepp seg ned på bakken i august for å overvintre. I eple vil den berre unntaksvis klare å gjennomføre livssyklusen og få sleppt seg ned for å overvintre. Det er lett å sjå inngangssåret på eple etter rognebærmøllarven. På skalet til epla vil ein sjå små hol omkransa av kvit inntørka saft. Desse epla vil ein ikkje kunne nytte til konsum, og ved store angrep kan det bli totalskade i enkelte felt.

3 vaksen 06 08 2020 Gunnhild Jaastad i NIBIO rognebaermoll
Vaksen rognebærmøll på jakt etter ein eigna plass til å legge egg. Foto: Gunnhild Jaastad, NIBIO.

Korleis løyse problemet?

Rognebærmøllen vart først beskriven av W. M. Schøyen i 1890-åra. Han skildra møllen som eit skandinavisk problem då det er her rogna er vekselberande. Angrepa i eple heng saman med kor mykje rognebær som er tilgjengeleg. Om det er lite bær vil møllen finne vegen til eplehagane. Dersom populasjonen har bygd seg opp over fleire år, og rogna så sviktar, kan den gjere mykje skade i eplefelta.

I 1979 lanserte Torgeir Edland ein modell som kunne varsle eventuelle angrep av rognebærmøll. Dermed kunne ein redusere sprøytingane til berre dei åra det var varsla angrep. For å gjere desse berekningane, må ein telje blome- og bærklasar på fleire faste referansetre av rogn i fruktdistrikta, og ta inn bærprøver for å sjå kor stor del av bæra som inneheld levedyktige larver. No er det hovudsakleg NIBIO og NLR som har ansvar for varslinga.

Rognebærmøllarven lagar gangar på kryss og tvers i epla.

Bilde 2 Stine rognebaermoll

Fram til byrjinga av 2000-talet var det markant vekselbæring i rogn og ein fekk store angrep dei åra rogna ikkje hadde noko særleg blom. Dei siste 15-20 åra har det vore jamnare med rogn. Dette har redusert faren for store regionale angrep men vi ser ofte meir lokale angrep når det er i minste laget med rognebær. Dette har også ført til at innflyginga til eplefelta har blitt noko seinare. Grunnen til dette er at rognebærmøllen føretrekkjer å legge egg på rognebæra, og det er først når den ikkje finn rogn å legge egg på at den sett kursen mot epla. Det kan også verke som innflyginga og eggleggingsperioden i eplefelta har auka i lengd. Ved store angrep kan det vere nødvendig med fleire sprøytingar for å bekjempe skadegjeraren.

Sesongen 2020

I mai i år vart det klart at det var forventa store angrep av rognebærmøll i heile landet og i resten av Skandinavia. Bløminga av rogn var fråverande og populasjonen av rognebærmøll var stor. På fleire lokalitetar som NLR overvaker fann ein ikkje ein einaste rogneblom på referansetrea. Tala vart rapportert inn og NIBIO sende ut varsel om stor angrepsfare for heile Noreg, med unntak av ein stad som var berekna til middels angrep. Mattilsynet innvilga nauddispensasjon for sprøytemiddelet Coragen. I tillegg hadde ein Calypso å hjelpe seg med.

I nokre felt var det hengt ut kairomonfeller for å overvake innflyginga. Dette er feller som har eit luktstoff som trekkjer til seg møllen. Det vart hengt ut 10 feller i kvart felt for sjå når innflyginga starta, og om skadeterskelen blei overskriden. Skadeterskelen er på til saman 4 møll i 10 feller. Ut i frå denne informasjonen og blømingstidspunkt vart det estimert når det var best å sette inn tiltak.

I tillegg til dette må ein ta høgde for stor lokal variasjon, så det er viktig å ha kjennskap til eigne felt og den lokale rognepopulasjonen.

Ein såg tidleg at det var ein del skade i enkelte hagar medan andre hagar var bortimot heilt utan skade. Det er tydeleg at sprøytetidspunktet har hatt mykje å seie i år. Når ein sprøyter etter IPV-prinsipp (integrert plantevern) skal ein alltid la nokre kontrolltre stå att for å sjå kva effekt tiltaket har hatt.

Ved store angrep av rognebærmøll kan størstedelen av avlinga blir utsortert.

Bilde 4stine rognebaermoll

NLR har registrert angrepsgrad i ein del sprøyta og usprøyta tre. Det var bortimot 100 % skade i ubehandla tre. Epla har også som regel fleire hol. I felta som var behandla ser ein at resultatet varierer mykje. I dei fleste hagane har det vore god effekt, medan nokre hagar har hatt mykje angrep, sjølv om ein har sprøyta. Det er difor viktig å samle registreringane og gjere seg erfaringar om ulike sprøytetidspunkt og sprøytemiddel.

Det er framleis mogeleg å svare på denne undersøkinga, så resultata er ikkje klare. Førebels ser det ut som om avstand frå rogneskog er den viktigaste faktoren når det kjem til skadeprosent i felta i Vestland fylke.

I kvart felt vart det registrert tal eple med rognebærskade av 100 tilfeldige eple ved hausting. I felt som var sprøyta i tilrådd tidsrom, ser ein at avstand frå rogneskog hadde mykje å seie. Felt som var 200 m og lenger vekke hadde betydeleg mindre skade enn felt som låg nærmare (figur 1). I gjennomsnitt hadde desse felta 6,9 % rognebærmøllskade mot 22 % og 25 % skade. Større skadeprosent di nærmare ein kjem rogneskogen.

Tabell rognebaermoll
Gjennomsnittleg rognebærmøllskadeprosent i eple i behandla felt med ulik avstand til rogneskog.

Undersøkinga syner at det er mykje variasjon med tanke på bruk av sprøytemiddel, tidspunkt for sprøytingane, kombinasjonar og dosering. Det var berre 3 dyrkarar som hadde notert seg blømingstidspunktet for rogn, noko som er viktig med tanke på å finne rett sprøytetidspunkt. Det er mykje lokal variasjon både i blømingstidspunkt og mengd blomar på rogn. Det er difor ein fordel om dyrkarane følgjer med på desse variasjonane for å kunne sette i verk best mogeleg tiltak mot rognebærmøllen.

Det er sjølvsagt fleire faktorar som spelar inn på skadeomfanget i ulike felt. Når spørjeundersøkinga er avslutta vil svar frå heile landet bli nøye analysert. Desse svara kan hjelpe oss med å utarbeide strategiar for å slå tilbake framtidige rognebærmøllangrep.

Litteratur:

  • Plantevernleksikonet
  • Rognebærmøll-litt om historikk og veien videre
  • Geir Kjølberg Knudsen og Sverre Kobro
  • Norsk frukt og bær nr 5/2016