Vanlig praksis

Det er i dag vanleg å etablere fruktfelt med svart jord kring trea. Konvensjonelle dyrkarar bruker plantevernmiddel 1-2 gonger i året for å forhindre konkurranse til frukttreet.

Sprøyting inntil kulturen kan medføre opptak i frukttreet, spesielt ved sprekker, sår eller tynn bark. Enkelte grunnstammer lager også mykje rotskot, kanskje spesielt i etterkant av stressande periodar eller rotskjæring. Desse rotskota kan ta opp kjemiske plantevernmiddel om dei ikkje blir tatt bort i forkant av sprøytinga.

Det er difor interessant å tenkje mekanisk ugrasbekjemping også innanfor konvensjonell fruktproduksjon.

IMG 0724
Fresing - Ulike maskiner er aktuelle ved mekanisk ugrasbekjemping. Bildet viser den tyske maskina Ladurner som er rekna for å være ei av dei beste på området. Bildet er frå økologisk eplefelt utanfor Hamburg i Tyskland. Foto: Gaute Myren
2 Nederland august 2010 168
Sprøyting - Ugraset blir bekjempa med ulike ugrasmiddel og det blir brukt ei til tre dyser for å fordele ugrasmiddelet. Bildet viser lavavdriftdyse på ein forskningsstasjon i Nederland.
DSCN3094
Vanleg praksis er å ha det så ugrasreint som mogeleg under trea. Dette for å unngå konkurranse om vann, lys og næring. I tillegg kan enkelte soppsjukdommar og skadedyr bli verre om ugraset får vekse fritt. Foto: Gaute Myren

Sammendrag

  • Fresing er det beste om ein har egna felt. Bratte felt og små teigar må ein vurdere om andre metodar kan fungere like bra.
  • Det er nødvending med godt forarbeid før planting av frukttre. Eldre eng med rotugras er umogeleg å kontollere etter planting.
  • Behovet for forskjelleg utstyr er der i de fleste felt. Det å ha utstyr med forskjelleg arbeidsorgan eller to maskiner er ofte nødvendig.
  • Samarbeid om maskiner er ofte nødvendig, sidan prisen er høg
  • Føraren bør være den same, sidan erfaring med maskin og traktor er avgjerande for godt resultat.

Bakgrunn

Denne manualen er laga for «grøntsatsingsmidlene» som Norsk Landbruksrådgiving fekk tildelt i 2014. I tillegg er det gitt midlar frå Foregangsfylket Økologisk Frukt og Bær. Bildene er tatt hos fruktdyrkarar i Norge, samt på studieturar til Tyskland, Danmark, Sverige og Nederland.

Manualen er meint som ei oversikt over viktige moment ved etablering, praktiske erfaringar og eksempel på korleis mekanisk ugrasbekjemping i frukt bør gjennomførast.

Praktisk utprøving kan være til hjelp når ein lurer på om maskina er god nok til din frukthage.