Fruktdyrkarar og birøktarar, forskarar og landbruksrådgjevarar kom saman for å skifte ord om pollineringsbirøkt og moglegheitene i birøktar- og fruktnæringa. Det var vått, vår og bløming i Sørfjorden, gode føredrag, samtalar og mat på NIBIO sitt kontor på Lofthus og besøk i morellhage.

Emanuel Hempel ved Norce fortalde om prosjektet ClimateFutures som går ut på å utvikle betre vêrvarsel, til nytte både for fruktdyrkarar og birøktarar. Hempel viste tal som bekreftar at vêret på Vestlandet har blitt våtare og varmare; i 2021 var nedbørsmengda 15% høgare enn klimanormalen 1961-1990 og 1.5 gradar varmare! Framover kan me venta oss lenger sommar, kortare vinter, tidlegare vår, og dermed auka fare for frost i bløminga, meir nedbør, større grad av variabilitet og meir ekstremvêr. Statistikken viser tydeleg at klimaet er i endring. Ein av «nodane» i ClimateFutures har som mål å hjelpe matprodusentar med å optimalisere produksjonen i møte med eit nytt klima. Innen landbruk samarbeider dei med aktørar frå produsentnivå til statleg forvaltning, landsdekkande organisasjonar, deriblant Norsk Landbruksrådgiving, Norges Bondelag, Graminor og Gartnerhallen.

Les meir om ClimateFutures, og følg med på nyhende og publisering av nye klimaframskrivingar.

IMG 1208
Temperatur- og nedbørsavvik forespeila for mai 2022 ved starten av månaden.
IMG 1210
Temperatur- og nedbørsavvik forespeila for mai 2022 ved starten av månaden.
IMG 1211
Temperatur- og nedbørsavvik forespeila for mai 2022 ved starten av månaden.

Bjørn Arild Hatteland frå NIBIO presenterte funn frå forsking på effekten av insektpollinering i frukthagar. I morell fann dei ei gjennomsnittleg fruktsetjing på 10 % i forsøk utan insekt, og 20-30 % setjing når bier eller humler var plassert ut. Bier og humler gjorde ein like god jobb i «vanlege» år, medan i år med kaldt og surt vêr, var humlene betydeleg meir arbeidsame enn biene. Det ble reist diskusjonar omkring problem for bier å orientere seg under morellplast, då denne blokkerer og/eller spreier UV-ljos.

Foreløpig har me lite data på populasjonsutvikling for ville pollinerande insekt i Noreg. Andre land har registrert ein urovekkande nedgang i insektmangfaldet og dette kan vere kopla til intensivt jordbruk med store einsformige planteareal og høgt forbruk av insekticid. I Noreg kan insekta vere tent med at landbruket vårt foregår i mindre skala og er geografisk spreidd samanlikna med dei enorme monokulturane og plantasjane ein kan finne i andre land. Eit nytt forskingsprosjekt for perioden 2022-2026 skal undersøkje effekten av domestiserte bier på ville insektppulasjonar.

I ei studie blei honningbier og humler fotfylgd i eple og pære-hagar i Sogn(!) Disse observasjonane, på denne lokaliteten, avkrefta påstanden om at honningbier føretrekk eple framfor pære - pollinatorane brukte like mykje tid i begge fruktslaga. Funna demonstrerte ein høg grad av lojalitet – humler, og særleg honningbier, held seg som regel til ein art av gangen. Kva art som vert vald først avhenger nok av fleire faktorar, særleg biene sine næringsbehov og preferansar, men det er også avgjerande kva blomar som møter dei i det same dei kjem ut av kuba.

Marco Neven, velrenommert birøktar i Lærdal, minna fruktdyrkarar om viktigheita av å ha riktige støvsortar, gjerne fleire, og at dei må vere i sin effektive pollineringsperiode samtidig som hovudsorten. Han stemde i NIBIO-forskinga med eiga erfaring; biene er artsfaste og stadfaste, altså dei er lojale og fortset å besøke same art og same stad i påfølgjande flygingar. Første året dei blir introdusert i ein hage med plasttunnel oppfører dei seg forvirra og desorienterte, men 2. og 3. året viser dei teikn til læring og blir stadig meir effektive på å finne fram til blomar og til kuba. Det er verd å tenke nøye gjennom plassering av kuba i forhold til tunell-inngang og orienteringen av rastene ! Neven oppmdar om å gjere det triveleg for biene der dei bur og gjer det lett for dei å finne både blom og heim, då vil du få meir effektive hjelparar i pollineringa.

IMG 1228
Endre Bjotveit fortel om gevinstane av å ha bier i frukthagen. Heilt til venstre står kollega Sigrid Flatland.

Endre Bjotveit frå NLR Vest bidrog også med erfaringar frå fruktnæringa i høve pollinering og fruktkvalitet. Det er liten tvil om at fleire pollinerande insekt i frukthagar har positiv effekt på avlingsmengd. I Pollivest-prosjektet blei avlinga på fruktgardar med bier samanlikna med avling på gardar utan bier i åra 2014 og 2015. For eple, pære og morell var avlingsmengda 23 - 58 % høgare på gardar med bier. Skilnaden kan skyldast andre faktorar, men frå dei erfaringane og studiane me har til no kan ein med rimelig stor sikkerheit trekke slutninga at bier bidrar til auke i både kvalitet og kvantitet på avlinga:

Forutan større avlingsmengd kan god pollinering også gi finare form og storleik til frukt og bær, og til og med betre smak; i forsøk med Honeycrisp (ein av opphavs-sortane til dei nye eplesortane Fryd og Eden) blei det vist at dårleg pollinerte eple (få frø) hadde mindre syre (og mindre smak) enn godt pollinerte eple som utvikla fleire frø.

Mange spørsmål blei reist og refleksjonane var mange og kloke, men alt i alt var det brei semje blant fruktdyrkarar, birøktarar og forskarar om at bier representerer eit stort potensiale for fruktdyrkarar som ennå er langt frå fullt utnytta.

IMG 1233
Medvirkande og bidragsytande til ein flott dag om bier og blomar!