Den 15. juni 2022 arrangerte NLR Vest interregional studietur for fruktdyrkarar med støtte frå Vestland Fylkeskommune. Dyrkarar frå Sogn, Hardanger og Ryfylke køyrde i lag frå kvar sin kant og møttes på midten – i Hardanger.

Det vart ein innhaldsrik turné rundt heile Sørfjorden frå nordaust til nordvest. Tema for turen var eple og det var særleg fokus på dei nye eplesortane med besøk i felt der Asfari, Eden, Fryd og Julka (Dugg) vert planta for nokre år sidan. Fleire av deltakarane hadde planta disse sortane i år og var nysgjerrige på erfaringane til dyrkarane i Hardanger - og importøren sine eigne vurderingar. Det var god mat og lunsjforedrag frå Bjørn Arild Hatteland, forskar ved NIBIO om insekt til nytte og besvær. Etter lunsj vart følget tatt i mot av tre blide karar på Frukthagen Hardanger og fekk ein engasjerande omvising i presseriet på Aga. Dei fekk mellom anna klar beskjed - og eigen erfaring - med at juice laga frå konsentrat kan smake like godt som ferskpressa saft; "Konsentrat er ikkje så dumt likevel, i alle fall ikkje når konsentratet er laga på norske råvarer!"

Dagen i Hardanger vert avslutta med fin middag på dekka langbord på Utne Hotel. Det var nok fleire som savna kokt pote til den fine fisken, men det får me eta andre dagar. Med sjokoladekake og kaffi innabords bar det heimover mot nord og mot sør.

Takk for laget til deltakarar og medvirkande!

IMG 3601
Helleland Gard bød på 10 månadar gammalt Asfari-eple som smakte fortreffeleg! Lagring på 2-3 grader og riktig luftfuktighet gjorde at eplet framleis var crispy og smakfullt.
IMG 3624
Det blei også gode smaksopplevingar på presseriet på Aga, med servering av juice-blandingar som få har fått høvet til å smaka før oss. Sirup i bøtta til høgre.
IMG 3637 redigert
Thomas Hesthammar viser og fortel om dei nye eplesortane; Fryd, Eden og Julka. Alle foto: T. Fjågesund.