Det er ein del år sidan Landbruk Nordvest hadde økonomirådgjevar mellom sine tilsette, og dette har vore eit sakn i organisasjonen. Ein slik rådgjevar er ikkje minst viktig ved bruksutbygging; både med tanke på vegvalrådgjeving og utarbeiding av driftsplan.

Som ny på banen, er han elles- og naturleg nok - ledig for oppdrag, så det er berre å melde seg.

I tillegg til driftsplanarbeid ser dagleg leiar Stig Runar Størdal føre seg at han skal hjelpe bønder innan både grovfôrøkonomi og mekaniseringsøkonomi; og han er aktuell i samband med prosjektarbeid.

Mjølkeproduksjon

Den nye økonomirådgjevaren er 42 år og bonde på «Solbakken» Tustna der dei har drive mjølkeproduksjon. Han har drive garden i 9 år med 12 kyr på båsen dei siste åra, men han vel no å trappe ned denne då han merkar køyret i skuldrane, som han seier det.

I den nye jobben er han naturleg nok kontorplassert på Gullstein på Tustna saman med grønsaks- og grovfôrrådgjevar Gunn Randi Fossland.

Landbruk og misjon

Utdanningsbakgrunnen er agronom og agroteknikkar innan bygdeutvikling på Tomb jordbruksskule. Etter dette tok han økonomiutdanning ved Høgskulen i Molde.

I tillegg har han gjennomført studiar i fransk i Frankrike og misiologi (misjonsvitskap og kulturforståing) ved Norsk luthersk misjonssamband. Dette som bakgrunn for misjonsarbeid i land som Bangladesh, Mali og Elfenbeinskysten. Dels for Norsk luthersk misjonssamband og dels for Normisjon. I alt har han arbeidd fem år utanlands.

Etter dette har han arbeidd med integreringsarbeid i Aure kommune. I tillegg dreiv han ein del gardsarbeid som «assistent» for faren fram til han sjølv overtok i 2012.

Politisk aktiv

Faren var Modulf Aukan som døydde sist vinter. Han hadde ei aktiv karriere som politikar i både i kommunestyret, fylkestinget og på Stortinget. I tillegg hadde han fleire verv i Bonde- og småbrukarlaget, mellom anna som politisk nestleiar i landsstyret.

Også Inge er politisk aktiv. Han sit i kommunestyret i Aure og er leiar i kontrollutvalet. Partiet hans er som for faren – Kristeleg folkeparti.

Inge legg ikkje skjul på at han synes pelsdyrsaka er ei vanskeleg sak for tida; som han snart håper finn si løysing som er tilfredsstillande for dei som med denne saka fekk forbod mot å drive vidare i denne næringa.

Inge Aukan 3
Stabben» er eit godt synleg landemerke på Ytre Nordmøre og ligg rett imot garden til Inge på Stabblandet.