Eng med kløver

Mot høymole har vi mange middel å velje mellom. Vi må først og fremst skilje mellom eng med og utan kløver. Har du eng der kløver framleis finst i så stor grad at den er viktig, så er det i realiteten berre Gratil + klebemiddel som er aktuelt å bruke. Harmony 50 SX står også oppført som aktuelt i eng med kløver i fleire tabellar. Vår erfaring er at Harmony gjev for stor skade på graset i form av gulning og tilbakesett vekst.

Eng utan kløver

I eng som er nokre år gamal er kløver stort sett borte, og vi har mange middel å velje mellom. Flurostar 200 og Tomahawk 200 EC er to heilt like middel som er svært gode i kamp mot høymole. Desse blir ofte førsteval når vi ser på verknadsgrad og pris.

Starane XL og Cleave er to andre gode høymolemiddel. Dette er to namn på to like middel. Prisen ligg på same nivå som for Flurostar og Tomahawk.

Mekoprop er eit gamalt, godt middel mot mange ugras. Middelet har hatt fleire ulike handelsnamn. Døme er Duplosan Meko og Mekoprop Nufarm. Tidlegare var Mekoprop eit mykje tilrådd middel mot høymole. I 2017 blei høgste lovlege dose redusert til det halve, 200 ml. pr. dekar. I praksis har det synt seg at denne doseringa ikkje har vore god nok mot høymole, utan at vi har særleg mange slike observasjonar.

Duplosan Super er eit svært godt og allsidig middel. Dette er samansett av tre ulike kjemiske middel som gjer at det har brei og god verknad på mange ulike ugras. Prisen er litt høgre enn for midla nemnt ovanfor.

Banvel er framleis i handelen som eit svært godt middel. Prisen er svært høg, så i praksis er dette mest aktuelt til punktsprøyting.


Ta kontakt med ein rådgjevar i NLR Vest om du vil diskutere meir detaljar og ugraskamp mot andre ugras!

Ting gjerne «NLRpluss Grovfôr»: Bestill rådgjeving gjennom vekstsesongen no! | NLR Vest

Sprøytetidspunkt

For å få god verknad på sprøytemiddelet er utviklingsstadiet av planten avgjerande: Høymola bør ha fått ein stor bladrosett med mange store blad og helst noko stengelstrekking før behandling.
Byhoymole vanleg hoymole
Byhøymole og vanleg høymole på høveleg stadium for sprøyting.