Innhald til ulike formål

Ein kan dele innhaldet i desse midla i to:

  • Stoff som dreper/hemmer bakteriar (og sporer av bakterier)

Natriumnitritt og hexametylentretramin


  • Stoff med effekt mot gjær- og muggsopp (og varmgang)

Natriumbenzoat og natriumpropionat



Med denne grupperinga får me dette innhaldet i dei to midla (i parentes: dl stoff per tonn ved tilsetting av 3 l/tonn):

Kofasil LP

Kofasil Ultra

Stoff som dreper/hemmar bakteriar

(og sporer av bakteriar)

33 % (10 dl)

18 % (5 dl)

Stoff med effekt mot gjær- og muggsopp (og varmgang)

5 % (1 dl)

17 % (5 dl)

Som me ser av tabellen er innhaldsstoffa dei same, men fordelinga av stoffa ganske ulik i dei to midla. Årsaka er at dei er berekna på ulike tørrstoffnivå. Ein har andre utfordingar ved høgt tørrstoffnivå enn ein har ved eit lågt eller moderat tørrstoff.

Auka fortørking i seg sjølv reduserer gjæringa. Derfor er det i Kofasil Ultra eit mykje lågare innhald av dei bakteriedrepande stoffa (nitritt og heksamin). Samtidig er innhaldet av stoff med effekt mot gjær- og muggsopp (propionat og benzoat) høgare då ein oftare har problem med dette ved sterk fortørking. At middelet har effekt mot både bakteriearg og sopp gjer ein får mindre problem med varmgang.


Tørrstoffprosenten er avgjerande

Dermed er det tørrstoffprosenten og fortørkinga som avgjer kva middel ein bør bruka. Når ein har lite og moderat fortørking skal ein bruka Kofasil LP. Grensa går rundt 35 % tørrstoff. Kjem ein over dette er anbefalinga Kofasil Ultra for å få god verknad mot gjær- og muggsopp.

Men kan dei brukast om kvarandre?

Kva om ein:

Like viktig med god fordeling i massen

Ved syretilsetting er det kjent at jamn fordeling i grasmassen er ein forutsetning, då syra verkar der den treff. Dei bakteriedrepande stoffa (nitritt og heksamin) vert omdanna til gass og fordeler seg dermed relativt jamt sjølv om tilsettinga ikkje er optimal. Men dette gjeld ikkje dei stoffa med effekt mot gjær- og muggsopp (propionat og benzoat). Derfor er det viktig at dysene (med både plassering og antal) sikrar jamn fordeling i graset.

Gå for heilgardering?

Sidan fortørkingsgraden avgjer, ta valet av middel ut frå den tørrstoffprosenten du siktar mot/normalt oppnår. Men på grunn av at me må forhalda oss til vêrforholda i slåtten er det er vanskeleg å vite før sesongen og før slåtten kva tørrstoffprosent ein faktisk klarer å oppnå. Med litt justering av dose kan ein i sjiktet rundt 30-35% bruka begge typane med brukbart resultat.

Men på grunn av dei store dosejusteringane som må til ved større avvik er det derfor lite økonomisk å buka «feil» type. Strev dermed etter å få tørrstoffet på rett nivå i forhold til innkjøp middel. Mange kan derfor ha grunn til å vurdere å ha ein viss mengde av den andre typen i bakhand, og heller lagre denne over vinteren om behovet ikkje melder seg. Men i løpet av to-tre år bør ein evt. endre fortørkingstida berre for å få omløp på middelet.

Ikkje på høyensilage

Det er også verdt å merka seg at om ein skal laga høyensilasje (over 65% TS) viser forsøk at ein har liten effekt av tilsettingsmiddel, men derimot auke til 12 lag plast har noko føre seg. Kofasil bør ikkje brukast på slike tørrstoff då nitritten ikkje vert omdanna i tørt gras. Derimot kan reint mugghemmande middel som til dømes GrasAAT Korn, brukast.

I Rogaland er det merkevara Kofasil som er i sal hjå dei store leverandørane. Andre stader er også merkevara Xtrasil i handelen.

Ein må heller ikkje forvekse midla det er snakk om i denne artikkelen med Kofasil DUO og Kofasil Lac, som er bakteriepreparat med heilt anna innhald og verknadsmåte.

Ta gjerne korntakt med oss grovfôrrådgivarar om du ønsker å diskutere val av ensileringsmiddel.